Hopp til innhold

Ola Perstølen

Ola Perstølen, framståande leiar for frilyndt ungdomsarbeid, målsak og fråhaldssak i Hallingdal.

Perstølen var fødd i Ål 26. november 1877 og døydde same staden 8. november 1969. Han var i skreddarlære hos faren og arbeidde som bygdeskreddar. Etter nokre år i USA byrja han skreddarforretning på Sundre, som han utvida til manufakturhandel og seinare bokhandel. Bokhandelen vart med åra ein av dei fremste i Hallingdal. Perstølen hadde ymse kommunale tillitsverv og var med i Ål heradsstyre 1920–1937, dei to siste åra som ordførar.
 
Ola Perstølen gjekk to vintrar på Voss Folkehøgskule hos Lars Eskeland og Olaus Alvestad og vart sterkt påverka av desse to folkehøgskulemennene. Han brann for tanken om ein folkehøgskule i Hallingdal og var formann i Hallingdal Høgskulelag frå laget vart skipa i 1938 og til 1955, styremedlem til 1961. Likeins var han den første styreformannen for Ål Bygdamuseum frå museet vart grunnlagt i 1924, og han sat som formann til 1957. For langt og trufast arbeid for målsaka vart han i 1964 utnemnd til æresmedlem i Noregs Mållag, og for innsatsen for fråhaldssaka fekk han Klostermedaljen. Ola Perstølen vart også heidra med Kongens fortenestemedalje i sølv.
 
Kjelder
Paul Breiehagen: «Bygdehøvdingen Ola Perstølen», Jul i Hallingdal. Gol 1993
Einfrid Perstølen: «Ola Perstølen», Dølaminne. Ål 2003

Først publisert: 19.10.2009
Sist oppdatert: 14.05.2012