Hopp til innhold

Amund Rydland

Amund Rydland, skodespelar og teatersjef ved Det Norske Teatret.

Amund Rydland var fødd 25. november 1888 på Lindås i Hordaland og døydde 16. februar 1967. Han var medlem av det aller første ensemblet ved Det Norske Teatret og debuterte under teatrets offisielle opningsframsyning 2. januar 1913 i Kristiansand. Han var teatersjef for teatret i seks år og var igjen skodespelar ved teatret frå 1942 til 1960, då han gjekk av med pensjon.
Rydland var sjef ved Det Norske Teatret frå 1916 til 1922, med høvesvis Anton Heiberg og Sigurd Eldegard som sidestilte sjefar ein del av perioden. Rydland satsa tungt på folkekomediar i sjefsperioden sin og fekk med Oscar Wennersteens Bröderna Östermanns huskors i 1919 den største kommersielle suksessen i teatrets historie, med totalt over 700 framsyningar.
Etter sjefstida ved Det Norske Teatret spela Rydland ved fleire andre teater, og han turnerte landet med eigne teatertruppar, mellom andre Amund Rydlands Teater. Han var eitt år sjef ved Komediateatret i Bergen (1933–34). Han hadde fleire viktige filmroller, mellom anna som Isak Sellanraa i filmatiseringa av Knut Hamsuns Markens Grøde (1921).
I 1942 kom han attende til Det Norske Teatret som skodespelar og instruktør og vart verande der til han gjekk av med pensjon i 1960. Han var då den siste av skodespelarane som hadde vore med under opninga i 1913, som gjekk av med pensjon. Han gjestespela fleire gonger seinare, mellom anna under teatrets 50-årsjubileum i 1963.
Kjelder
Arkivet til Det Norske Teatret

Først publisert: 14.02.2012
Sist oppdatert: 04.09.2013