Hopp til innhold
X
Innhald

Eldbjørg Raknes

Eldbjørg Raknes, jazzvokalist, med innovativ akustisk stemmebruk som fremste varemerke.

Eldbjørg Raknes er fødd 9. februar 1970 i Midsund i Møre og Romsdal. Ho er i dag busett i Trondheim, der ho vart utdanna ved jazzlinja på Musikkonservatoriet (1990–1994). Frå 1994 har ho vore engasjert som songlærar ved NTNU.
Raknes er frilans musikar, komponist og pedagog og har bak seg ei omfattande turnéverksemd. Ho komponerer hovudsakleg for eigne prosjekt, mellom anna for ein trio med Eirik Hegdal og Stian Westerhus. Raknes er òg medlem av grupper som Bodega Band, TINGeLING, Søyr (1994–96), ESE, Kvitretten og Trondheim Voices.
Raknes arbeider mykje med improvisasjon og nyttar live-samplingar av stemma som uttrykk, med og utan tekst. I 2006 kom CD-en «SOLO» med improvisasjonar til tekstar av Olav H. Hauge, Lewis Allen, Federico G. Lorca og andre. På den neste utgivinga, «From Frozen Feet Heat Came» (2009), står hennar eigne, ofte improviserte, tekstar i sentralt.
Raknes har elles sitt eige plateselskap, My Recordings, der dei nemnde platene er gitt ut. Hausten 2009 opna ho sitt eige senter, Sjøbygda kunstnarhus.
Kjelder
Biografi hos MIC Norsk musikkinformasjon, mic.no, publisert 03.12.2003, http://www.mic.no/nmi.nsf/micdoc/art2003121709071117172808  [lesedato 26.04.2010]
Peikarar

Først publisert: 26.04.2010
Sist oppdatert: 26.04.2017