Hopp til innhold
Grete Riise. Foto: privat. Nytta etter avtale.
Grete Riise. Foto: privat. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Grete Riise

Grete Riise, lærar, rådgivar, tidlegare dagleg leiar i Noregs Mållag og den som leidde arbeidet med den nye rettskrivingsnorma for nynorsk som blei teken i bruk i 2012.

Grete Riise er fødd 9. mai 1947 i Hareid i Møre og Romsdal, der ho òg vaks opp. Ho var elev ved Eidsvoll landsgymnas i 1964–67 og blei cand.mag. ved Universitetet i Bergen i 1974 med faga sosiologi, historie og nordisk.

Riise var lærar i Hammerfest i 1976–80 og konsulent hos skuledirektøren i Finnmark i 1980–86. Så arbeidde ho som informasjonskoordinator for hiv-/aidsarbeidet  i Bergen kommune / Hordaland fylkeskommune i 1987–90 og som rådgivar hos fylkeslegen i Hordaland i 1990–98. Frå 1998 til 2001 var ho dagleg leiar i Noregs Mållag, og ho var tilsett som seniorrådgivar hjå Fylkesmannen i Hordaland i 2001–17. I 2010–11 var ho dessutan leiar for rettskrivingsnemnda for nynorsk.

I arbeidet med den nye rettskrivingsnorma var målet å lage ei tydeleg, enkel og stram norm, utan sideformer. Meininga var at norma skulle vere stabil over tid, slik at det ikkje blei nødvendig med endringar så ofte. Riise meiner at den nye rettskrivingsnorma for nynorsk står trygt i framtida.

Riise har vore aktiv og sentral i målrørsla i fleire tiår. Som student på byrjinga av 1970-åra var ho aktiv som styrerepresentant i Norsk Målungdom og som NMU-representant i styret for Noregs Mållag 1974–76. Ho har hatt ulike roller i Noregs Mållag, mellom anna som nestleiar i styret,  dagleg leiar i 1998–2001 og leiar av valnemnda på byrjinga av 2000-talet. Ho har vore medlem i styret til Det Norske Samlaget, leiar av Målpolitisk råd i Det Norske Teatret og medlem i styret for Dei nynorske festspela (1998–1999). Ho var rådsordførar (2001–09) og styremedlem (2010–14) og nestleiar (2014–18) i styret for Nynorsk kultursentrum, og styremedlem (2012–14) og nestleiar (2014–16) i styret for Allkunne AS.

Kjelder

Grete Riise, e-post 5.11.2020

Grete Riise, profil, linkedin.no: https://www.linkedin.com/in/grete-riise-b3395632/ [lesedato 2.12.2019]

Hallvar Østrem: «Revisor Riise», Språknytt nr. 2/2010, sprakradet.no: https://www.sprakradet.no/Vi-og-vart/Publikasjoner/Spraaknytt/Arkivet/Spraknytt-2010/Spraknytt-22010/Revisor-Riise/ [lesedato 2.12.2019]

Peikarar

Svein Olav B. Langåker: «Seier ja til 'dokker'», framtida.no, publisert 4.4.2011

Gunn Evy Auestad og Kathrine Hammerstad: «– Negative lærarar øydelegg for nynorsken», nrk.no, publisert 24.1.2012

Først publisert: 01.10.2020
Sist oppdatert: 10.11.2020