Hopp til innhold
Faksimile av framsida til boka Konrad og andre born (1945). Kjelde: nb.no. Nytta etter avtale med Nasjonalbiblioteket.
Faksimile av framsida til boka Konrad og andre born (1945). Kjelde: nb.no. Nytta etter avtale med Nasjonalbiblioteket.
X
Innhald

Hans C. Roti

Hans C. Roti var lærar med sterkt engasjement for ein elevretta pedagogikk og ein sentral person i vestnorsk målreising tidleg på 1900-talet.

Hans Christoferson Roti var fødd 14. desember 1879 på Nordfjordeid og døydde 28. mai 1961 på Jar i Bærum.

Roti tok eksamen ved lærarskulen på Stord i 1901 og hadde første lærarposten sin ved Nordfjordeid framhaldskule i 1901–02. Frå 1902 til 1907 var han tilsett ved Hadsel folkeskule i Nordland, og i åra 1907–21 ved folkeskulen i Bergen. I 1921 vart han skuleinspektør i Kongsberg. Denne stillinga hadde han fram til 1932, då han vart skuleinspektør i Larvik. Her var han til 1946, då han gjekk av med pensjon.

Roti var sterkt engasjert i målsak og ungdomslagsarbeid. I Bergens-tida var han leiar i Bondeungdomslaget Ervingen i 1908–09 og styrar av Det vestlandske maalkontor frå 1911 til 1921. I åra 1919–21 var han styremedlem i Noregs Mållag.

H.C. Roti, som han skreiv seg som forfattar, gav ut Bondeungdomslaget Ervingen. 20. mars 1900 – 20. mars 1910 (1910) og to skrifter på oppdrag for Det vestlandske maalkontor: Norsk i folkeskulen (1919) og Norsk skule og upplæring (1921). Han skreiv om «Norskt maal i styringsverket» i Norsk som kulturmaal, som Det vestlandske maalkontor gav ut i 1921.

Etter 40 år i skulen gav Roti ut Læraren og skulen i 1940, med undertittelen «Verdsetting av gamalt og nytt». Boka er eit innlegg i den pedagogiske debatten som følgde skulereformene i andre halvdel av 1930-åra, der aktivitetspedagogikk og arbeidsskule-prinsippet var sentrale stikkord. Roti er ein tydeleg talsmann for det nye og ser på pedagogisk nytenking og reformer som heilt nødvendig for å få ein skule i pakt med tida. Roti byggjer den pedagogiske tenkinga si på respekt for det enkelte barnet sitt eigenverd. Eit hovudmål med all oppseding må vere å gi elevane tru på seg sjølve, gi dei sjølvstyrke og evne til å realisere evnene sine. Derfor må undervisninga individualiserast, eller differensierast, som det heiter i vår tid.

Konrad og andre born (1945) er ei samling forteljingar, bygde på Roti sine eigne erfaringar frå møte med elevar og heimane deira. Forteljingane er tett knytte til Læraren og skulen, som døme på utfordringar ein lærar kan møte i skulestova.

Roti fekk Kongens fortenestemedalje i 1949.

 

Kjelder

Karl Bakke (red.): Norske skolefolk II, Stavanger 1952. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no: https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2011112308149

 

Peikarar

H.C. Roti: Læraren og skulen. Oslo 1940. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no

H.C. Roti: Konrad og andre born. Oslo 1945. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no

Først publisert: 21.10.2020
Sist oppdatert: 14.12.2020