Hopp til innhold

Hans Reynolds

Hans Kristian Karth Reynolds, journalist og forfattar. Han engasjerte seg i samhaldet innanfor det gamle norrøne området rundt Atlanterhavet og var svært aktiv under striden om Aust-Grønland i mellomkrigstida.

Hans Reynolds var fødd 2. september 1876 i Porsgrunn og døydde 16. juni 1933 same staden. Far hans var sjøkaptein, og Reynolds drog sjølv til sjøs i ung alder, etter han hadde fullført mellomskulen. Han tok til å arbeide som journalist, og i 1899 var han med på å starte venstrebladet Porsgrunds Tidende, der han var den første redaktøren. Seinare var Reynolds medarbeidar i Norske Intelligenssedler (Kristiania) gjennom ei årrekkje, men han arbeidde først og fremst som forfattar.

Reynolds debuterte med Sange og stemninger i 1899, og han gav ut i alt fire diktsamlingar. Frå 1907 tok han til å skrive på nynorsk, og han engasjerte seg etter kvart sterkt for målsaka. Han reiste mykje i ulike land og område, særleg til øyane vest i havet som tidlegare hadde vore norske. Han skreiv reiseskildringar frå Færøyane, Island, Shetland, Orknøyane, Hebridane, Man, Irland og Grønland, og drog mykje rundt og heldt foredrag om desse stadene.

Då spørsmålet om suverenitet over Grønland vart aktuelt i 1920-åra, synte Reynolds eit glødande engasjement, og han gjekk for fullt inn i rørsla som kravde norsk råderett over Aust-Grønland. Han skipa eit eige grønlandslag i Telemark og gav ut den prislønte boka Grønland – Vestre bygdi i 1926. Frå 1919 var Reynolds statsstipendiat. I 1929–32 redigerte han Norrøna – tidsskrift fyr norrøn samvinna.

 

Kjelder

Ida Blom: Kampen om Eirik Raudes land. Pressgruppepolitikk i grønlandsspørsmålet 1921–1931. Oslo 1973

Severin Eskeland: «Hans Reynolds», Norsk Allkunnebok, bd. 9. Oslo 1959

Berner Hansen: Avis må til! En oversikt over aviser i Telemark fra 1830 til 1970. Skien 1970

 

Peikarar

Bjørn Rudborg, Telemark Museum: «Hans Reynolds – grønlandsaktivist og poet», telemarkmuseum.no

Om Hans Reynolds på nettstaden til Porsgrunn bibliotek, porsgrunn.folkebibl.no

Bibliografi i Bibsys, bibsys-almaprimo.hosted.exlibrisgroup.com

Først publisert: 19.10.2020
Sist oppdatert: 19.10.2020