Hopp til innhold

Magne Rommetveit (1956–)

Magne Rommetveit, sosialarbeidar og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Hordaland sidan 2009. Før den tid var han ordførar i Stord kommune i mange år.

Magne Rommetveit er fødd 27. april 1956 i Time i Rogaland og voks opp på Bryne. Han tok vidaregåande skule ved Bryne gymnas i 1972–75, nordisk grunnfag ved Rogaland distriktshøgskole i 1977–78 og allmennlærarutdanning ved Stord lærarhøgskule i 1978–81. Han arbeidde ved Block Watne AS i 1975–77, var leiar ved Leirvik fritidsklubb i 1978–81, leiar av utekontakten i 1981–90 og sosialleiar i Stord kommune i 1990–92. Rommetveit var fangevaktar ved Åna kretsfengsel i 1997–98, ordførar i Stord i 1991–2007, kommunalsjef i Stord i 2007–09 og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Hordaland sidan 2009.

Rommetveit var kommunestyrerepresentant for Arbeidarpartiet i Stord kommunestyre i 1983–91, ordførar i 1991–2007, leiar av Stord Arbeidarparti i 1990–92 og medlem av styret for Hordaland Arbeidarparti i 1992–2008. Han er vald inn som stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet sidan 2009. Rommetveit arbeider for fellesskapsløysingar, betre samferdsel, regional utvikling og for å skape og sikre arbeidsplassar i Hordaland.

Han har hatt ei rekkje offentlege verv, mellom anna medlem og leiar av Samarbeidsrådet for Sunnhordland i 1992–98 og 1998–2007, medlem i styret for Sunnhordland bru- og tunnelselskap i 1994–2005, leiar av styret for Hordaland olje og gass i 1999–2005 og styret for Kommunenes Sentralforbund i Hordaland i 2003–07. Rommetveit var òg nestleiar av styret i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) i 1999–2002. 

Rommetveit har vore leiar av Løvebakken Mållag sidan 2015. Han er ein profilert nynorskbrukar og blir referert på nynorsk i Stortinget.

Kjelder

Magne Rommetveit, «Representanter og komiteer», stortinget.nohttp://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=MAGR [lesedato 16.11.2012]

Først publisert: 23.05.2013
Sist oppdatert: 12.02.2020