Faktaboks

Ola J. Rise
Fødd
15. januar 1877, Oppdal
Død
26. august 1954, Oppdal

Ola J. Rise, norskamerikansk bladmann og forfattar. Han var ein av dei mest markerte målmennene i det norskamerikanske miljøet i byrjinga av 1900-talet.

Bakgrunn

Ola J. Rise var fødd i Oppdal. Han emigrerte til Amerika i 1899, men returnerte til Noreg etter berre ti år. I Noreg vart han gardbrukar og var kjend som ein dugande folkeminnegranskar, foredragshaldar og forfattar av lokalhistoriske verk.

Virke

I dei ti åra Rise budde i Amerika, var han kulturelt aktiv på mange område. Han var med på å skipe og var aktiv i fleire lag og organisasjonar. Som journalist spreidde han kjennskap til norsk og norskamerikansk kultur. Ei tid reiste han rundt i Midtvesten og kåserte og spela fele for nordmennene. Rise publiserte dikt og forteljingar på nynorsk og fleire artiklar om målsaka, både i norske og norskamerikanske publikasjonar.

Forfattarskap

I tillegg til to små forteljingar på vers, Lasarus Geistus, som kom ut på bokmål i Minneapolis i 1908, og Snø – forteljingar fraa nybyggjarlive paa dei villaste vidder i Vesterheimen, som var skriven på nynorsk i Amerika, men utgitt i Noreg kort tid etter at Rise kom heim, publiserte Rise over hundre dikt, i begge målformene, i norskamerikanske tidsskrift og aviser. Diktsamlinga I Solfallsbrann, som kom ut posthumt, inneheld nokre amerikadikt.

Tema

Rise skriv om mykje om dei same emna som andre norskamerikanske forfattarar. Han skriv om naturen, årstidene, heimen, opplevingane i Amerika og lengt etter fedrelandet. Som sosialist kjem det sosiale medvitet hans ofte til uttrykk, og han kan vere meir samfunnskritisk enn mange av forfattarkollegaene sine.

Målsak

Rise arbeidde som journalist både i Skandinaven og i Minneapolis Tidende. Han sat òg i styret for Norrøna – det fyrste blad paa norskt maal i Vesterheimen, og han var med og skipa Frams Dramatiske Selskab og Det Norske Selskab i Amerika. Men det er nok som målmann Rise utmerkte seg mest i det norske Amerika. Han forsvarte nynorsken ut frå nasjonale, demokratiske og språkhistoriske grunnar og hevda at målet er ein viktig del av fedrearven. Den mest interessante målartikkelen til Rise, «Norsk Maalbevægelse», vart trykt i Kvartalskrift i 1906. Der hevdar han mellom anna at målsaka ikkje berre er ein kamp om tale- og skriftspråket, men «... bærer i seg omtrent hele det nationale reisningsarbeidet i det nye Norge».

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Sunde, A. (1993): «Glimt frå Ola J. Rise sine ti år i Amerika», i Bøgda vår. Oppdal: Oppdal Historielag. Les hos Nasjonalbiblioteket.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg