Hopp til innhold

Ola Raknes

Ola Raknes, filolog og psykoanalytikar, internasjonalt kjend som ein av Wilhelm Reichs næraste elevar og forsvararar, også av Reich sin mykje omtalte orgonteori. Han var ein ivrig forkjempar for nynorsk på alle område.

Raknes var fødd på Osterøy ved Bergen 17. januar 1887. I 1905 flytta han til Kristiania, og han døydde i Oslo 28. januar 1975. I studietida var han mellom anna styrar for Norsk Målkontor og skrivar i Samlaget 1908–10. Det siste var han òg i perioden 1922–30, men i praksis var han forlagssjef. Han blei æresmedlem i Samlaget i 1948. Dessutan var han aktiv i Studentmållaget og blei æresmedlem der i 1950. Han var òg med på å stifte Norsk Måldyrkingslag i 1928, og han var medlem av styret ved Det Norske Teatret i perioden 1923–47.
 
Som filolog er Raknes kjend for sine to svære ordbøker til nynorsk: Engelsk-norsk (1927), den første framandspråklege ordboka på nynorsk, og Fransk-norsk (1942). Dessutan sett han mange fagbøker om til nynorsk. Han måtte så å seie finne opp sitt eige nynorske fagspråk, til dømes i det religionspsykologiske verket Møtet med det heilage (1927), som han disputerte på året etter.
 
Raknes studerte psykoanalyse i Berlin i 1928–29 og praktiserte seinare som psykoanalytikar. Han var omstridd, men blei etter kvart svært ettertrakta som terapeut, både innanlands og utanlands. Han skreiv òg ei vidkjend bok om den store læremeisteren sin: Wilhelm Reich and orgonomy (1970).
 
Kjelder
Håvard Nilsen: «Ola Raknes», Norsk biografisk leksikon,  bd. 7. Oslo 2003
Åse Gruda Skard (red.): «Ola Raknes», i Psykologi og psykologar i Norge. Oslo 1959

Først publisert: 03.09.2009
Sist oppdatert: 10.02.2012