Olav Rusti var teiknar, målar og målmann, busett i Tyskland i nesten tjue år, halvparten av denne tida levde han tilbaketrekt i eit nedlagt kloster.
Olav Rusti var elev ved Eckersbergs målarskule i Kristiania i 1867 og ved akademiet i København 1869–1871. Sommaren 1870 reiste han rundt på Austlandet og laga teikningar av bondeinteriør og andre nasjonalromantiske motiv. I 1870-åra studerte han ved kunstakademiet i München. Bileta hans frå denne tida har ofte realistiske kvardagsmotiv, som måleriet «Kone med katt».
Seinare vart Rusti særleg kjend for portrettkunsten sin, både som målar og teiknar. Eit av meisterverka hans er det koloristiske måleriet av «Generalinne Fredrikke Gram», som heng på Nasjonalgalleriet. Eit av portretta han teikna med blyant og kol, er av Ivar Aasen.
I 1895 flytta han og kona, målarinna Frida Hoeck Rusti, til Bergen og huset Urdi. Ekteparet var sosiale menneske, og dei gjorde heimen sin til eit samlingspunkt for kunstnarar av mange slag. Her dreiv Rusti målarskule, og her vart den første landskappleiken for hardingfele arrangert.
I Bergen engasjerte Rusti seg i målsak og bygdekultur. Frå 1896 til han døydde sat han i styret for Vestmannalaget.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.