Hopp til innhold

Rasmus Rasmussen

Rasmus Olai Rasmussen, den første sjefen ved Det Norske Teatret og den viktigaste skodespelaren i opningssesongen.

Rasmus Rasmussen var fødd i Molde 4. november 1862 og døydde i Oslo 17. juli 1932. Han var ein landskjend og folkekjær skodespelar og teatersjef ved både Trondhjems Nationale Scene og Det Norske Teatret.
Berre 18 år gamal utvandra Rasmussen til USA, der han sleit hardt som tømmerhoggar, inntil han møtte ein omreisande tysk skodespelartrupp som han fekk vere med, som teatermålar og skodespelar. Med denne røynsla i bagasjen fekk han i 1887, etter sju års eksiltilvære, fast stilling som skodespelar ved Den Nationale Scene i Bergen. Rasmussen brukte lang tid på å slipe vekk den landsmålsnære Molde-dialekten på scena, og gjennombrotet som skodespelar kom først nokre år seinare. Utover i 1890-åra vart han ei berande kraft i ensemblet ved Den Nationale Scene, mellom anna som vidgjeten barytonsongar i alle songstykke. Rasmussen turnerte dessutan landet på eiga hand og framførte dels nyoppdaga folketonar, før han i 1912 vart tilsett som den første sjefen ved Det Norske Teatret.
Rasmussen vart instruktør og arbeidsleiar for ein urøynd skodespelarflokk ved Det Norske Teatret. Han var det kunstnarlege midtpunktet i ensemblet og den sjølvsagde hovudrolleinnehavaren i dei fleste framsyningane. Rasmussen spela Jeppe i Holbergs Jeppe på Berget under teatret si opningsveke i Kristiania i oktober 1913. Han fekk strålande kritikk for innsatsen, og fleire av meldarane kommenterte at dei andre skodespelarane kom fullstendig i skuggen av Rasmussen.
Eit anna høgdepunkt i tida ved Det Norske Teatret var rolla som Paulus Hove i Arne Garborgs Læraren (1914). Men etter stadige usemjer med teaterstyret om lønsvilkår og strategi for teatret sa han opp sjefsstillinga etter berre to sesongar.
Frå 1916 til 1923 var han sjef for Trondhjems Nationale Scene. Her òg opna han sjefstida med Jeppe paa Bierget og seg sjølv i hovudrolla. Rasmussen sette mellom anna Hulda Garborgs Rationelt Fjøsstell, Ibsens Peer Gynt og Oscar Wennersteens Bröderna Östermanns huskors på repertoaret i sjefstida si. Rasmussen tok ofte både instruksjonsoppdraget og hovudrollene sjølv, og i løpet av skodespelarkarrieren sin spela han om lag 400 roller.
Kjelder
Ole Øisang: Teater i Trondheim gjennom 125 år. Trondheim 1941
Asbjørn Aarseth: Den Nationale Scene 1901–1931. Oslo 1969

Først publisert: 13.02.2012
Sist oppdatert: 04.09.2013