Hopp til innhold

Andreas Pedersen Seierstad

Andreas Pedersen Seierstad, teolog, bondestudent med haugiansk bakgrunn, målmann frå Vestfold, kyrkjehistorikar og folkeminnegranskar. Professor i kyrkjesoge ved Menighetsfakultetet.

Les meir om Andreas Pedersen Seierstad

Gunnar Skirbekk

Gunnar Skirbekk

Gunnar Bjørn Skirbekk, filosof, essayist og vitskapsteoretikar som i meir enn 50 år har prega ordskiftet om språk, politikk, vitskap og rasjonalitet, og som har spela ei viktig rolle i utforminga av det akademiske Noreg.

Les meir om Gunnar Skirbekk

Nils Nilsson Skaar

Nils Nilsson Skaar, avisredaktør og lokal- og rikspolitikar frå Hardanger. Han dreiv avisa Hordaland Folkeblad gjennom meir enn ein mannsalder og sat som stortingsrepresentant mest like lenge.
Les meir om Nils Nilsson Skaar

Vegard Sletten

Vegard Sletten, ungdomslagsmann, redaktør og forfattar. Han skreiv på nynorsk i Verdens Gang fleire tiår før det blei ei politisk sak å få meir nynorsk i rikspressa.

Les meir om Vegard Sletten

Peter Slotsvik

Peter Joakim Kristian Slotsvik, ungdomslagsleiar og redaktør. Han var norskdomsmannen som i fleire tiår redigerte ei avis på norskdansk i Østfold.

Les meir om Peter Slotsvik

Kristen Stalleland

Kristen Stalleland, redaktør og bonde. Frå heimstaden sin i Aust-Agder skapte han det første barnebladet på landsmål, som i dag er eitt av dei eldste barneblada i verda.
Les meir om Kristen Stalleland

Arnulv Sudmann

Arnulv Sigurd Sudmann, journalist og leksikonredaktør. Han var hovudredaktøren for det største og mest originale oppslagsverket som er blitt laga på nynorsk.

Les meir om Arnulv Sudmann

Kristoffer Sælid

Kristoffer Oveson Sælid, lektor og norskdomsmann. Han var ein av dei som sytte for at norskdomsarbeidet ikkje blei nazifisert under den tyske okkupasjonen.
Les meir om Kristoffer Sælid

Ketil Skogen

Ketil Skogen, sakførar, sorenskrivar, redaktør, politikar og kraftutbyggjar. Han var den første som tok juridisk embetseksamen på landsmål.

Les meir om Ketil Skogen

Harald Stanghelle

Harald Stanghelle er ein av dei mest markante pressefolka i landet. Som politisk redaktør i Aftenposten og før det som aktiv journalist og ansvarleg redaktør i Dagbladet, har han vore med på å utvikle den politiske journalistikken i Noreg.

Les meir om Harald Stanghelle

Henrik Rytter

Henrik Rytter, diktar, omsetjar og skulemann som førte norsk ættekjensle og naturlyrikk saman med europeisk utsyn og klassiske referansar. Slik vart han på mange vis den viktigaste arvtakaren etter Arne Garborg.

Les meir om Henrik Rytter

Kåre Skadberg

Kåre Skadberg, ordboksredaktør, tidlegare kontorsjef for nynorsk i Norsk språkråd. Saman med Aud Søyland førte han arbeidet med Nynorsk ordliste av Alf Hellevik vidare.

Les meir om Kåre Skadberg

Lars Søraas d.e.

Lars Søraas d.e., organist og korleiar som vart landskjend for arbeidet med songkulturen i Noreg, og som i 1907 sette tone til «Den fyrste songen» av Per Sivle.
Les meir om Lars Søraas d.e.

Thorvald Sirnes

Thorvald Sirnes, kultur- og samfunnsforskar med interesse for makt, normalitet, verdipolitikk, identitetsdanning og dei utfordringane det representative demokratiet står overfor i dag.

Les meir om Thorvald Sirnes

Reidar Storaas

Reidar Storaas, forfattar og journalist som nyttar begge målformer. Gjennom ei årrekkje har han vore med på å utforme kulturstoffet i Bergens Tidende.

Les meir om Reidar Storaas

Per Sandal

Per Sandal, historikar, forskar og forfattar. Han har gitt viktige bidrag til å utvikle lokalhistorie som fag i Noreg i 1980- og 90-åra.

Les meir om Per Sandal

Hans Skjervheim

Hans Skjervheim, filosof og essayist, særleg knytt til positivismestriden innanfor filosofi og samfunnsfag. Han var oppteken av grensene for den (natur)vitskaplege tenkjemåten, og av farane ved å gjere menneskeleg subjektivitet til objekt.

Les meir om Hans Skjervheim

Olav Solberg

Olav Solberg er professor i nordisk litteratur ved Høgskolen i Telemark. Han har gitt ut mange bøker om folkedikting og har særleg arbeidd innanfor fagfeltet ballade- og viseforsking.

Les meir om Olav Solberg

Håvard Skirbekk

Håvard Skirbekk, lærar, lokalhistorikar og museumsmann. I over 40 år var han knytt til Glomdalsmuseet, frå 1929 som styremedlem, frå 1952 som styrar.

Les meir om Håvard Skirbekk

Helge Sivertsen

Helge Sivertsen, skulemann og politikar. Han prega norsk skulepolitikk i etterkrigstida og tok initiativ til Vogt-komiteen, som vart ein milestein i norsk språkpolitikk.

Les meir om Helge Sivertsen

Henrik Størmer

Henrik Christian Fredrik Størmer, ingeniør, industrigründer, oppfinnar og målmann. Han var mykje engasjert i utvikling av treindustri og utnytting av fossar til elektrisk kraftforsyning.

Les meir om Henrik Størmer

Torleiv Jørgensen Stadskleiv

Torleiv Jørgensen Stadskleiv, målar av romantiske telemarkslandskap og teiknar av portrett og folkelivsbilete. Mange av motiva fann Stadskleiv i Lifjell i Telemark, der han om somrane budde i ei primitiv hytte, «Skrubbehiet».

Les meir om Torleiv Jørgensen Stadskleiv

Tormod Skagestad

Tormod Skagestad var med eitt års unntak sjef ved Det Norske Teatret frå 1960 til 1979, og han vart den viktigaste teatersjefen i norsk teater etter krigen.

Les meir om Tormod Skagestad

Nils R. Sandal

Nils Reielsson Sandal, lokalpolitikar og fylkespolitikar for Senterpartiet. Som fylkesordførar i Sogn og Fjordane gjennom tolv år markerte han seg som politisk og representativ frontfigur for fylket.

Les meir om Nils R. Sandal

Reidar Sandal

Reidar Sandal

Reidar Jørgen Sandal, lektor, profilert styreleiar og mangeårig stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Sogn og Fjordane. Han var kyrkje-, utdannings- og forskingsminister i 1995–97, først i Brundtland III-regjeringa og så i Jagland-regjeringa.

Les meir om Reidar Sandal

Kristen Skjeldal

Kristen Skjeldal, skiløpar med to olympiske gullmedaljar og 13 NM-titlar. Ingen andre skiløparar har greidd å verte norsk meister på 5-mila seks gonger. Han var med og dominerte norsk og internasjonalt langrenn i nesten 20 år.

Les meir om Kristen Skjeldal

Johan Snøfugl

Johan Snøfugl

Johan Snøfugl, bladmann og forfattar. Han la ned ein stor innsats for å gjere nynorsk til eit kvardagsspråk i Trøndelag og Nord-Noreg. Snøfugl viste mot under andre verdskrigen, då han som einaste redaktør trykte nekrologar over falne norske soldatar.

Les meir om Johan Snøfugl

Lodve Solholm

Lodve Solholm

Lodve Solholm, fylkesmann i Møre og Romsdal. Han har tidlegare vore stortingsrepresentant frå same fylke i 16 år, som representant for Framstegspartiet, og frå 2001 til 2005 var han president i Lagtinget.

Les meir om Lodve Solholm

Magnus Stangeland

Magnus Stangeland, tidlegare stortingsrepresentant for Hordaland Senterparti. Han har hatt ei rekkje stillingar i næringslivet, og han har vore i rettssak om stortingspensjonen, som han seinare vart frikjend for.

Les meir om Magnus Stangeland

Helge Sandøy

Helge Sandøy, professor i nordisk språkvitskap, ekspert på språkutvikling i Noreg og Norden, har lagt premissar for normering av utanlandske ord i norsk og av nynorsk skriftspråk – som han meiner bør vere talemålsnært og prega av valfridom.

Les meir om Helge Sandøy

Alf Sommer

Alf Sommer, skodespelar og sceneinstruktør, medverka i komediar og drama, var ein av pionerane i Fjernsynsteateret og bidrog til å gjere Den fjerde nattevakt til nasjonal eige.

Les meir om Alf Sommer

Astrid Sommer

Astrid Rosendal Sommer, skodespelar ved Det Norske Teatret, kjend for generasjonar av nordmenn gjennom radio- og fjernsynsteater for barn og vaksne.

Les meir om Astrid Sommer

Idar Stegane

Idar Stegane, litteraturforskar som har forska på det norske skriftlivet generelt og det nynorske skriftlivet spesielt. Han er ein av dei fremste kjennarane av Olav H. Hauge si dikting.

Les meir om Idar Stegane

Ola Svein Stugu

Ola Svein Stugu, professor i historie ved NTNU i Trondheim. Han er ein profilert historieformildar og har gitt ut ei rekkje bøker om byhistorie og kulturhistorie.

Les meir om Ola Svein Stugu

Hilde Sandvik

Hilde Sandvik

Hilde Sandvik, cand.philol., journalist, forfattar, sjefredaktør i Broen.xyz og tidlegare kultur- og debattredaktør i Bergens Tidende. Sandvik er ei tydeleg røyst i den offentlege debatten.

Les meir om Hilde Sandvik