Hopp til innhold
Foto: Tor Lindseth,
Foto: Tor Lindseth,
X
Innhald

Gisle Børge Styve

Gisle Børge Styve, musikar og artist. Fast pianist og deltakar i musikkunderhaldningsprogrammet Beat for beat, som har gått på NRK 1 på fredagskveldane sidan 1999.

Styve er fødd i 1970 i Førde, men har dei seinare åra vore busett i Oslo. Han har bakgrunn frå ein musikalsk familie og fekk opplæring i klassisk fiolinspel i barndommen. I ungdomsåra var han med i Førde Ten Sing. Styve er først og fremst pianist og vokalist, men spelar også gitar og bass. Han har utdanning som jazzpianist ved Noregs Musikkhøgskule.
 
Som fast deltakar saman med Trond Nagell Dahl i programmet Beat for beat 1999–2015, der to lag skulle gjette seg fram til låtar eller artistar, har Styve blitt vide kjent som underhaldar. Styve har også sitt eige band, Gisle Børge Styve Trio, der han syng og spelar piano saman med Helge Harstad (bass og kor) og Per Willy Aaserud (trompet og kor). Gruppa, som blei starta i 1998, har halde ei rekkje konsertar og gitt ut albuma Styves Ark (2002), som er spela inn live i bokhandelen Ark Majorstua, og Here Right Now (2012). Musikken deira er prega av leiken improvisasjon og fleirstemd song, men på konsertane har dei også verbale humoristiske innslag innimellom. Han har også hatt musikk-show med Heine Totland.
 
Peikarar

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 01.08.2018