Hopp til innhold
X
Innhald

Johannes Skar

Johannes Skar, folkeminnesamlar som gav ut åtte band med Gamalt or Sætesdal.

Skar var fødd i Øyer 18. november 1837 og døydde i Bygland 3. februar 1914. Han var bror til Matias Skard. Han tok examen artium ved latinskulen på Lillehammer i 1859, fullførte andreeksamen ved universitetet i Kristiania i 1860 og hadde tenkt å studere filologi, men måtte slå det frå seg på grunn av sjukdom. Åra 1864–71 arbeidde han med nokre avbrot som huslærar i Ullensaker, Haus i Nordhordland og i Østerdalen. 1871–73 dreiv han «friskule» i Gausdal, ein slags folkehøgskule for born.
 
Skar var merkt av grundtvigianismen og folkehøgskuletanken. I skuletida på Lillehammer vart han kjend med Christopher Bruun, og venskapen med Bruun, som seinare vart gift med syster hans, varte livet ut.
 
I 1873 reiste han etter oppmoding frå Vonheim-krinsen til Setesdal for å leite etter meir fullstendige versjonar av «Draumkvedet». Det mislukkast, men han vart oppteken av den gamle kulturen i dalen og vende attende året etter, livnærte seg som blekksmed og lærar og samla folketradisjon. I 1879 vart han kjend med Moltke Moe, som vart ein god rettleiar og hjelpesmann i innsamlingsarbeidet.
 
I åra 1883 til 1896 var Skar borte frå Setesdal, var lærar og dreiv med bladarbeid. Mykje av denne tida budde han i Gausdal. Mellom anna underviste han på Vonheim og var eit par år huslærar for borna til Bruun.
 
1897 fekk Skar statsstipend og vende attende til Setesdal. Med hjelp frå Moltke Moe førebudde han omhugsamt utgivinga av det tradisjonsmaterialet han hadde samla. I 1903 kom første bandet av Gamalt or Sætesdal på eige forlag, dei sju andre banda kom ut hos Olaf Norli. Då Skar døydde, sytte Knut Liestøl for prentinga av dei to siste banda. Føremålet med verket var ikkje først og fremst vitskapleg, men å vise for setesdølane og andre den verdien som låg i den gamle folketradisjonen.
 
Skar gav òg ut Visknut (1876, ny utgåve 1898), ei bok om Knut Rasmusson Nordgarden, og Soga om Justinus Martyr, kyrkjefaderen (1904). Då han døydde, arbeidde han med ei bok om Søren Kierkegaard.
 
Kjelder
Didrik Arup Seip: «Johannes Skar», Maal og Minne 1914
Ola O. Bø: Folketradisjon og kulturarv. Oslo 1988
Olav Bø: Johannes Skar. Gudbrandsdølen som skapte «Gamalt or Sætesdal». Oslo 1953
Olav Bø: «Skar, Johannes», Norsk biografisk leksikon, bd. 13. Oslo 1958
Reimund Kvideland: «Johannes Skar», Norsk biografisk leksikon, bd. 8. Oslo 2004
Knut Liestøl: «Sagnfortælling i Sætesdal», Maal og Minne 1913
Sigmund Skard: Det levande ordet. Ei bok om Matias Skard. Oslo 1972
Aslak Torjusson: Den norske folkehøgskulen. Oslo 1977 
  
Peikarar
 

Først publisert: 22.12.2010
Sist oppdatert: 29.04.2013