Hopp til innhold
Klara Semb (1954), foto: P.A. Røstad, Grefsen, Norsk Allkunnebok-arkivet.
Klara Semb (1954), foto: P.A. Røstad, Grefsen, Norsk Allkunnebok-arkivet.
X
Innhald

Klara Semb

Klara Semb, dansepedagog og ungdomslagskvinne. Ho lærte titusenvis av unge menneske tradisjonsviser og tradisjonsdansar.

Semb var fødd i Oslo 17. oktober 1884 og døydde 16. oktober 1970. Ho førte vidare det arbeidet Hulda Garborg kring 1900 hadde gjort med å ta opp tradisjonsdansen i Noreg. Semb reiste land og strand rundt, samla inn og koreograferte store mengder danseviser og turdansar og heldt kurs for titusenvis av unge.
 
Mykje av stoffet samla ho i Norske folkeviser (1920) og fire band av Norske folkedansar (1921–58), som til saman blei prenta i meir enn 100 000 eksemplar.
 
Semb samla også norske bunadstradisjonar.
 
Ho var med i Det norske Spellaget 1910–12, og på Det Norske Teatret ei kort tid etter opninga i 1913.
 
Semb var æresmedlem i Noregs Ungdomslag og blei i 1954 riddar av St. Olavs orden.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
Jan Kløvstad (red.): Ungdomslaget. Noregs ungdomslag 1896-1996. Oslo 1995

Først publisert: 25.09.2009
Sist oppdatert: 10.02.2012