Hopp til innhold

 Nils Sletta. Foto: Fin Serck-Hansen, Det norske Teatret.
Nils Sletta. Foto: Fin Serck-Hansen, Det norske Teatret.
X
Innhald

Nils Sletta

Nils Sletta, skodespelar ved Det Norske Teatret og hardingfelespelemann. Han fekk Kritikarprisen for rolla som Mattis i Fuglane i 1997.

Nils Sletta er fødd 23. april 1943 i Tuddal, Telemark. Han er eldst i ein søskenflokk på ni og voks opp i eit kunstnarmiljø med kjende folkemusikarar. Etter framhaldskulen gjekk Sletta i bygningslære nokre år før han byrja på Statens teaterhøgskole, der har gjekk ut i 1965. Han debuterte same året på Riksteatret. Sletta var tilsett ved Trøndelag Teater i 1967–69, og sidan 1969 har han vore tilsett ved Det Norske Teateret. Han har hatt roller som Peer Gynt og tittelrolla i Barrabas. Han spela Ivar Aasen i Tusen Fjordar, tusen fjell og Trofimov i Kirsebærhagen. Sletta har òg vore med som skodespelar på Marispelet i Tinn frå 2004 til 2009. I 2010 hadde han rolla som målaren Peder Balke for Teater Innland.
Hausten 2007 hadde NRK-serien Berlinerpoplene, etter Anne B. Ragde sin roman, 900 000 sjåarar. Sletta spela den einsame og inneslutta grisebonden Tor Neshov. Han vann Gullruten som beste mannlege skodespelar for denne rolla. Han blei òg nominert til Emmyprisen.
Nils Sletta vann landskappleiken i hardingfele første gong i A-klassa saman med Kjetil Løndal i 1964. Han har elles vore med på mange kappleikar og vann mellom anna ein førstepremie på jubileumskappleiken i Bø i 1988.
Nils Sletta i rolla som Mattis i
Nils Sletta i rolla som Mattis i "Fuglane". Foto: Per Maning, Det norske Teatret.
 
Kjelder
Nils Sletta
Dagbladet, Magasinet 12.11.2007
«Nils Sletta», Store Norske Leksikon, http://snl.no/Nils_Sletta [lesedato 27.9.2010]

Først publisert: 20.11.2011
Sist oppdatert: 18.06.2014