Faktaboks

Peder Sefland
Fødd
9. juni 1907, Eid, Nordfjord
Død
10. mai 1966, Hedrum (nå Larvik)

Peder Mathias Reinhart Sefland var prest og teolog. Han gjorde presteteneste mellom anna på Svalbard og på Værøy i Lofoten.

Peder Sefland tok teologisk embetseksamen ved Det teologiske Menighetsfakulteti Oslo i 1931 og praktisk-teologisk eksamen same staden året etter. I åra 1932 til 1935 var han lærar og prest i Longyearbyen på Svalbard. I 1936 til 1946 var han sokneprest på Værøy i Lofoten, før han vart utnemnd til sokneprest i Evje i Setesdalen i 1946. I 1962 til 1966 var Sefland sokneprest i Hedrum.

På Svalbard var Sefland med på å gjere ein kyrkjeleg pionerinnsats. Svalbard kyrkje hadde framleis ein uklar offisiell status, sjølv etter at Noreg ifølgje Svalbard-traktaten hadde fått ansvaret for øygruppa. I Seflands tid gjorde biskop Eivind Berggrav den første uoffisielle visitasen på Svalbard i 1935.

Tenesta på Værøy og Røst var strabasiøs, med mange sjøreiser. Særleg var utfordringane store under andre verdskrigen, med minelagde farvatn.

Då han kom til Evje som sokneprest i 1946, la Sefland om til nynorsk, som var den offisielle målforma i bygda. Med bakgrunn i Nordfjord hadde han eit talemål som låg nynorsken nær. Seflands presteteneste var prega av eit folkeleg engasjement, og difor var han òg godt likt som prest.

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Eivind Berggrav: Spenningens land. Visitasglimt fra Nord-Norge. Oslo 1937
  • Odd Bjerke (red.): Hedrum kirke 950 år. Larvik 2010
  • Reidar Bolling: Norges prester og andre teologiske kandidater. Oslo 1949
  • Gunnar L. Nissen (red.): Studentene fra 1926. Oslo 1951

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg