Hopp til innhold
X
Innhald

Reidar Storaas

Reidar Storaas, forfattar og journalist som nyttar begge målformer. Gjennom ei årrekkje har han vore med på å utforme kulturstoffet i Bergens Tidende.

Reidar Storaas er fødd 4. februar 1931 i Norheimsund. Han har utdanning frå Journalistakademiet i Oslo (1953–54), som han tok parallelt med arbeidet som journalist i avisa Dagen (1952–56). Dernest arbeidde han i Morgenposten (1957–1960). I 1960 vart Storaas tilsett i Bergens Tidende. Her var han til 1996, den lengste tida med ansvar for kulturstoffet i avisa.
Oversikta over kulturlivet i regionen syner att i bøkene hans, som gjerne handlar om kulturpersonlegdomar og kulturinstitusjonar på Vestlandet. Eit særleg interesseområde er komponisten Geirr Tveitt, og denne interessa har resultert i to biografiar. Den første, Tonediktaren Geirr Tveitt, vart utgitt i 1990. Oppfølgjaren, Mellom triumf og tragedie, kom i 2008 og hadde eit meir utfyllande kjeldemateriale som grunnlag.
Storaas står òg bak biografiar om kunstnarane Ingebrigt Vik og Mons Breidvik. Han har skrive historia til Festspillene i Bergen og Musikkselskapet Harmonien, den siste saman med Lorenz Reitan.
Storaas har elles vore formann i Bergens Presseforening og i Seniorklubben for pressefolk i Bergen. I perioden 1991–2006 var han programansvarleg for festivalen Hardingtonar, som kvart år vert arrangert i Norheimsund.
Kjelder
E-post frå Reidar Storaas 16.03.2010
Samtale med Tarjei Flotve 10.05.2010
Omtale av Mellom triumf og tragedie på Samlaget sine nettsider, samlaget.no, http://www.samlaget.no/item.cfm?id=14572 [lesedato 27.05.2010]
Peikarar

Først publisert: 27.05.2010
Sist oppdatert: 30.04.2013