Hopp til innhold
X
Innhald

Thorvald Sirnes

Thorvald Sirnes, kultur- og samfunnsforskar med interesse for makt, normalitet, verdipolitikk, identitetsdanning og dei utfordringane det representative demokratiet står overfor i dag.

Sirnes er fødd i 1956 i Haugesund. Han blei cand.polit. i 1987 i administrasjons- og organisasjonsvitskap ved Universitetet i Bergen og dr.polit. same staden i 1996 med avhandlinga Risiko og meining. Mentale brot og meiningsdimensjonar i industri og politikk. Bidrag til den sosiale stadieteorien. Her analyserer han mellom anna politiske debattar om genteknologi. Han er i dag førsteamanuensis ved Senter for vitskapsteori, Universitetet i Bergen.
 
Saman med Roar Høstaker og Ole Andreas Brekke har Sirnes gitt ut boka Dimensjonar i moderne sosialteori. Bourdieu, Habermas, Latour og Luhmann (2003). Han har argumentert for at det er nødvendig med ei språkleg vending innanfor samfunnsvitskapen, altså ei djupare forståing for korleis verda blir meiningsfull gjennom omgrep og kategoriar.
 
Sirnes har særleg forska på normalitet og ulike typar makt som finst i oppfatningar av kva som er normalt. Han har også vore oppteken av vitskapen som aktør i samfunnet, som unndreg seg etiske vurderingar, og som tradisjonell politikk har vanskar med å styre.
 
Sirnes var medlem av bioteknologinemnda (1998–2000) og har seinare engasjert seg i den offentlege debatten om eggdonasjon.
 
Kjelder
Sten Inge Jørgensen: «Dinosaur-strid i AP», Morgenbladet 18.01.2002
Siv Sæveraas: «Bør eggdonasjon tillates?», Bergens Tidende 05.04.2009

Først publisert: 17.12.2009
Sist oppdatert: 03.05.2013