Hopp til innhold

Tor Stallvik

Tor Stallvik har hatt mange verv i norskdomsrørsla, og han har omsett Torbjørn Egners lesebøker til nynorsk.

Tor Stallvik er fødd 9. august 1941 i Bjugn og bur i Vågå. Han tok examen artium ved Orkdal offentlege landsgymnas i 1961. Etter det tok han engelsk mellomfag og historie grunnfag ved universitetet i Trondheim i 1962–65, før han tok hovudfag i nordisk i Oslo i 1967. Hovudfagsoppgåva handlar om stadnamn frå Stjørna på Fosen.
Stallvik har arbeidd som lektor på fleire skular. Han var rektor ved Fana Folkehøgskule i 1971–80 og ved Klones vidaregåande skule i 1990–2005. Sidan 2007 har han vore arkivleiar for Gudbrandsdalmusea.
Stallvik har hatt mange verv i norskdomsrørsla. Han var leiar for Norleik-rådet i 1970- og 80-åra, leiar i Rådet for Folkemusikk i 1982–91 og styremedlem i FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans frå 2009. Han er instruktør innanfor alle greiner i norsk folkedans. I 1994 hadde Stallvik saman med Rasmus Stauri ansvaret for folkedanseinnslaga under opningsseremonien i OL på Lillehammer.
Torbjørn Egners lesebøker (1950-1972) skulle setjast om til nynorsk i 1980-åra, var Tor Stallvik ein av omsetjarane. Halldis Moren Vesaas var redaktør. Den første boka Stallvik var med og reviderte, var Leseboka 1. På landet og i byen (1981).
I 2002 fekk Tor Stallvik Norsk Folkemusikkfonds pris for sitt allsidige arbeid innan norsk folkedans.
Kjelder
E‑postar frå Tor Stallvik 27.01., 10.12. og 30.4. 2012
«Dansar fekk fond-pris», nrk.no: http://www.nrk.no/kultur-og-underholdning/1.856817 [lesedato 19.1.2012]
Peikarar

Først publisert: 03.01.2014
Sist oppdatert: 03.01.2014