Hopp til innhold
X
Innhald

Torleiv Jørgensen Stadskleiv

Torleiv Jørgensen Stadskleiv, målar av romantiske telemarkslandskap og teiknar av portrett og folkelivsbilete. Mange av motiva fann Stadskleiv i Lifjell i Telemark, der han om somrane budde i ei primitiv hytte, «Skrubbehiet».

Torleiv Stadskleiv var fødd i Bø i Telemark 10. oktober 1865 og døydde same staden 17. august 1946. Han fekk plass på Den kongelige Tegneskole i Kristiania etter tilråding frå Erik Werenskiold i 1883. Seinare var han elev av Christian Krohg, Erik Werenskiold, Eilif Petersen og Hans Heyerdahl. I København var han i lære hos kunstnaren Kristian Zahrtman. Stadskleiv besøkte både Italia, Frankrike og Tyskland, der han sat i musea og kopierte dei store meistrane.
Sommaren 1881 møtte Stadskleiv den 11 år yngre kunstnaren Halfdan Egedius, som han måla saman med i Bø i åra 1892 til 1898. Dette skal ha vore Stadskleiv si beste tid, både kunstnarleg og menneskeleg.
Stadskleivs bilete er blitt karakteriserte som naturlyrikk, i pakt med stemningar som rådde i den nyromantiske målarkunsten og poesien i 1890-åra.
Han stilte ut ved Statens Kunstutstilling (Haustutstillinga) i 1886, hadde separatutstillingar i Kunstnerforbundet og stilte ut i kunstforeiningane i både Skien og Tønsberg. Bø museum har 40 bilete av Stadskleiv, og han er representert med to måleri i Nasjonalgalleriet.
 
Kjelder
Einar Østvedt: På gamle tufter. Ti Telemarks-profiler. Skien 1975
Dyre Vaa: Torleiv Stadskleiv. Oslo 1967
 
Dag Aanderaa: «Torleiv Stadskleiv», Store Norske Leksikon (NBL-artikkel), snl.no, http://snl.no/.nbl_biografi/Torleiv_Stadskleiv/utdypning [lesedato 25.11.2011]

Først publisert: 26.11.2011
Sist oppdatert: 30.04.2013