Arnold Henrik Thoresen, sekretær for bokmål i Norsk språknemnd, kontorsjef for bokmål i Norsk språkråd i 25 år.
Arnold Henrik Thoresen
var fødd i Bærum 20. mai 1927, men voks opp i Vika i Oslo. Han døydde i Oslo
13. august 2010. Han fullførte embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1960.
Hovudfaget var norsk, sidefaga fransk og historie. Frå før hadde han
lærareksamen frå Oslo off. lærerskole, og han arbeidde som lærar medan han
studerte. Etter embetseksamen var han lektor ved Teisen realskole og gymnas.
Frå januar 1965 var
han tilsett som sekretær for bokmål i Norsk språknemnd. Då Norsk språkråd
avløyste nemnda i 1972, vart han kontorsjef for bokmål i den nye institusjonen.
Kontorsjefane, ein for bokmål og ein for nynorsk, var likestilte
sekretariatsleiarar i Norsk språkråd. Thoresen hadde stillinga som kontorsjef heilt
til han gjekk av for aldersgrensa i 1997.
Thoresen skreiv saman
med Ståle Løland Norsk forkortingsbok, som vart utgitt i Norsk språkråds skriftserie i 1976, og var
medforfattar til fleire ordlister for grunnskulen.
Kjelder
Aslaug Bissenberg:
«Språket holder riket sammen», intervju med Arnold Thoresen, Aftenposten 08.01.1997
Eva Braathen Dahr:
«Osloportrettet: Sprogdiplomat fra Vika, Oschlo», intervju med Arnold Thoresen,
Aftenposten Aften 26.09.1986
Asgeir Olden: «Chaque
mot porte», intervju med Arnold Thoresen, Språknytt nr. 2/ 1997
Finn-Erik Vinje:
«Arnold Henrik Thoresen», minneord, Aftenposten 20.08.2010
Årsmeldingar frå
Norsk språknemnd og Norsk språkråd
Peikarar
Først publisert: 15.02.2011
Sist oppdatert: 29.04.2013