Hopp til innhold
X
Innhald

Aslak Torjusson

Aslak Torjusson, lektor og dagleg leiar i norskdomsrørsla.

Torjusson var fødd i Rauland 4. mars 1891 og døydde 26. april 1973. Han tok lærarskuleeksamen i Holmestrand i 1912 og blei cand.philol. 1933.
 
Han var folkeskulelærar 1912–20, lærar ved Telemark folkehøgskule 1920–24, styrar ved Buskerud folkehøgskule 1936–52 og lektor ved Statens lærarskuleklassar i Oslo 1952–61.
 
Torjusson var dagleg leiar i Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag 1927–35.
 
Han gav mellom anna ut oversynsverket Den norske folkehøgskulen (1977).
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 16.09.2009
Sist oppdatert: 29.04.2013