Hopp til innhold
Gustav Takle. Fotokjelde: Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Gustav Takle. Fotokjelde: Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
X
Innhald

Gustav Takle

Gustav Takle var lærar frå Ytre Sogn, sterkt engasjert i ungdomslagsrørsla. Han skreiv idealistiske dikt til norsk ungdom, med sterke appellar om å engasjere seg for ei betre verd.

Gustav Takle var fødd 23. februar 1878 på Takle, Brekke i Sogn og døydde same staden 1. august 1909.

Etter folkeskulen gjekk Takle på folkehøgskule i Sogndal, og deretter tok han mellomskulen på Voss. Han hadde så vikarstillingar i folkeskulen ei tid, før han begynte på Elverum lærarskule, der han tok eksamen i 1900. Hausten 1900 begynte han som lærar i heimbygda. Her var han til han døydde av tuberkulose i 1909.

Takle var engasjert i målsaka og var leiar i ungdomslaget i heimbygda om lag alle åra han var lærar der. Han skreiv dikt i lagsbladet og hadde dikt i Unglyden, eit frilynt ungdomsblad nært knytt til ungdomslagsrørsla. Mest kjent av dikta hans var nok «På ski», som var med i Andreas Austlids leseverk for folkeskulen, Norsk lesebok. Diktet til Takle er inspirert av Kristofer Jansons «På fjellet», frå 1867, og kan syngjast på same melodien.

I 1934 vart det gitt ut ei samling av Takle sine dikt, Ungdomsmod. Dei 45 dikta fortel om ein idealistisk forfattar som gjennom dikta sine vil setje mot og kveik i dei unge. Han trur på ungdomen og deira evne til å skape rettferd og ei god framtid for nasjonen Noreg. Sentrale motiv og bilete er knytte til naturen, til våren med grokrefter og til sola som livgivande kraft. Takle målber ein sterk kjærleik til naturen, til heimbygda og til heimen. I samlinga finn vi hyllingsdikt til Olav Tryggvason og Per Sivle, men også til den vanlege arbeidaren og til mor. Men her er også mørkare tonar, med dikt om sjukdom og død.

 

Kjelder

Johs. A. Dale: «Gustav Takle», forord i Gustav Takle: Ungdomsmod. Bergen 1934

H.B. Takle: «Gustav Takle. Eit 30. årsminne», i Jol i Sogn 1939

 

Peikarar

Forfattarside om Gustav Takle på nettstaden Forfattarar frå Sogn og Fjordane, forfattarar.sfj.no

Gustav Takle: Ungdomsmod. Bergen 1934. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no

Først publisert: 21.10.2020
Sist oppdatert: 21.10.2020