Faktaboks

Hadia Tajik
Fødd
18. juli 1983, Bjørheimsbygd, Strand kommune, Rogaland
Hadia Tajik
Hadia Tajik
Av .
Lisens: fri

Hadia Tajik er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet som frå 2021 til 2022 var arbeids- og inkluderingsminister i regjeringa Støre. Frå 2015 til 2022 var ho Arbeidarpartiets nestleiar. Frå 2009 til 2017 representerte ho OsloStortinget, frå 2017 er ho innvald frå Rogaland.

Tajik var kulturminister i regjeringa Stoltenberg frå 2012 til 2013, og blei då den yngste norske statsråden nokon gong.

Bakgrunn

Hadia Tajik er fødd i Bjørheimsbygd i Strand kommune i Rogaland. Ho tok allmennfag ved Strand vidaregåande skule. I 2004 fullførte Tajik bachelorgrad i journalistikk ved Høgskulen i Stavanger (no Universitetet i Stavanger). I 2005 tok ho mastergrad i menneskerettar ved Kingston University i England. Tajik er òg utdanna jurist med ein mastergrad i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo frå 2012.

I åra 2001–2006 arbeidde Tajik som journalist og skribent i mellom anna Aftenposten, VG og Dagbladet, og i seinare år skreiv ho jamleg kommentarar og bokmeldingar for Morgenbladet, Ny Tid og Stavanger Aftenblad.

Politisk karriere

Hadia Tajik starta sitt politiske arbeid som leiar av Strand AUF frå 1999 til 2002 og som politisk nestleiar i AUF i Rogaland frå 2001 til 2003. Frå 2008 var ho medlem av sentralstyret i AUF.

Tajik har vore politisk rådgjevar i fleire departement. I 2006 vart ho politisk rådgjevar i Arbeids- og inkluderingsdepartementet, og i 2008 hadde ho eit vikariat som rådgjevar på Statsministerens kontor. Ein kort periode arbeidde ho også i Justisdepartementet før ho i 2009 var attende som politisk rådgjevar i Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

I perioden 2009-2017 var Tajik vald til stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Oslo. Frå 2017 er ho stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Rogaland. Fram til ho vart statsråd i 2012 var ho medlem av kyrkje-, utdannings- og forskingskomitéen og valkomitéenStortinget.

Under regjeringa Stoltenberg II var Tajik kulturminister i perioden 2012 til 2013. Då blei ho den yngste norske statsråden nokonsinne. Den raudgrøne regjeringa tapte stortingsvalet i 2013, men Hadia Tajik vart attvald som representant på Stortinget for Oslo for perioden 2013-2017. Då regjeringa Stoltenberg II søkte avskil gjekk Tajik av som kulturminister.

I perioden 2013–2017 var Hadia Tajik leiar for justiskomitéen på Stortinget. Ho vart òg nestleiar i Arbeidarpartiet i 2015. Ved stortingsvalet 2017 vart Tajik vald inn til si tredje periode som stortingsrepresentant, og er nestleiar i arbeids- og sosialkomiteen. I perioden 2019–2021 var ho første nestleiar i finanskomiteen på Stortinget. Ho var også parlamentarisk nestleiar i Arbeiderpartiet 2017–2021. Ved stortingsvalet 2021 vart ho vald inn til si fjerde periode på Stortinget, og gjekk samstundes inn som arbeids- og inkluderingsminister i regjeringa Støre. Men ho måtte trekkje seg i mars 2022 etter avsløringar om uklåre leigekontraktar for å skaffe seg pendlarbolig i si tid som politisk rådgjevar. Ho trakk seg og som nestleiar i partiet.

Andre verv

Mellom 2007 og 2009 var ho medlem av Språkrådets fagråd for samfunn og høgare utdanning. Tajik er medlem av Løvebakken Mållag.

Utgjevingar

I 2001 redigerte Tajik antologien Svart på hvitt. I boka samla ho tekstar skrivne av ulike minoritetsungdomar om identitet, rasisme og diskriminering. Tajik har sjølv foreldre som innvandra frå Pakistan kring 1980, og då Tajik blei statsråd i 2012 var ho den første norske statsråden med religiøs bakgrunn frå islam. I perioden 2009–2013 var ho òg den einaste faste representanten på Stortinget med familiebakgrunn frå eit ikkje-vestleg land. I 2020 gav ho ut boka Frihet – en politisk og personlig historie.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg