Faktaboks

Kari Traa
Fødd
28. januar 1974, Voss, Vestland
Kari Traa

Kari Traa. Bildet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /NTB Scanpix ※.

Kari Traa er ein norsk tidlegare freestyle-utøvar i verdseliten, og er gründer innan tekstil og mote. Kari Traa er fødd på Voss. Ho har markert seg som ein av dei beste freestyle-utøvarane i skihistoria, med tre OL-medaljar. Ho vann verdsmeisterskapen fire gonger og fekk 36 førsteplassar i verdscupen. Traa vart noregsmeister ni gonger og fekk kongepokalen i noregsmeisterskap på Voss i 2006, same året som ho avslutta skikarrieren.

Traa har utfordra konvensjonelle jente- og kvinneroller og har vore oppteken av å byggje opp og støtte andre kvinner.

Olympiske leikar og verdsmeisterskap

Kari Traa vart olympisk meister i kulekøyring i Salt Lake City i 2002, og ho tok OL-sølv i 2006 i Torino og OL-bronse i 1998 i Nagano. Ho var OL-deltakar også i 1992, i Albertville.

Ho vart verdsmeister i ordinær kulekøyring og i parallellkøyring i 2001 og 2003 og tok VM-sølv i begge øvingane i 1999 og i parallellkøyring i 2005.

Verdscup og noregsmeisterskap

Traa vann verdscupen i freestyle samanlagt i sesongane 2002, 2003 og 2004, i ordinær kulekøyring i 2001 og 2002, og i parallellkøyring i 1998 og 2000. I alt tok ho 36 rennsigrar.

Traa vann ni gullmedaljar i noregsmeisterskap i perioden 1995 til 2006.

Gründer

I november 2002 starta ho produksjon av skiluer. Det viste seg å verte ein suksess, og verksemda vart snart utvida til produksjon av sports- og fritidsklede i Kari Traa AS, med eksport til fleire land. Traa sjølv har uttalt at ho liker handarbeid, og ho er ofte inspirert av gamle norske mønster og materialbruk. Delar av overskotet av det lønsame føretaket gir ho bort til stipend for idrettsutøvarar, og ho har arbeidd målretta for å sikre rekrutteringa av unge jenter til freestylesporten.

Anna arbeid

Sjølvbiografien Kari gav ho ut i 2006, saman med Sarah Sørheim, og med Lars Berre som illustratør. Traa skriv om oppveksten i heimbygda Voss. Ho utfordrar og kritiserer den konvensjonelle jenterolla, og ho skildrar det spennande og krevjande livet som toppidrettsutøvar og forretningskvinne. Ho syner også si interesse for humanitært arbeid i utviklingsland.

Traa har elles vore med i fleire fjernsynsprogram, mellom anna i programserien Oppdrag Nord-Norge (2013), produsert av NRK. Dokumentarserien KuleJenter (2008 og 2011) på NRK følgjer Kari Traa i etableringa av eit skilag for unge jenter. I 2013 var ho programleiar for realityprogrammet Kari Traa-leikane på TV3.

Heider

Traa fekk Porsgrunds Porselænsfabriks Ærespris i 2001 og vart kåra til Årets nynorskbrukar i 2006.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kari Traa og Sarah Sørheim: Kari. Oslo 2006

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg