Lasse Trædal
Lasse Trædal, politikar, skulemann og gardbrukar.
Dreiv vinteren 1878-1879 ungdomsskule i Brekke, og starta i 1879 folkehøgskule i Drangedal. Var svært aktiv som polititisk agitator, og ein av dei første som arrangerte store politiske folkemøte i Sogn og Fjordane.
Stod sentralt i organisering av skyttarlag i fylket, og tok initiativet til skiping av Firda og Sygnafylkets Folkevæpningssamlag i 1882. Laget vart det største i landet.
Frå 1883 til 1891 arbeidde han som folkehøgskulestyrar fleire stader. Var med på å skipe Venstre i 1884. Medlem av kommunestyret i Lavik frå 1894 og ordførar 1905-1913. Stortingsmann 1900-1903, 1906-1908, 1913-1915 og 1916-1918.
Ivra sterkt for ei vestlandsk «stamjernbane» som i Sogn og Fjordane i grove trekk skulle fylgje den lina som E39 fylgjer idag, også kalla Trædals-lina.
Engasjerte seg også sterkt i riksdebatten om konsesjonslovene for fossekrafta på grunneigarane si side. Han gjorde framlegg i Stortinget for å hindre at nordmenn kjøpte fallrettar som stråmenn for utlendingar.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 31.07.2018