Faktaboks

Snorre Tindberg
Fødd
23. desember 1923, Vågan, Nordland
Død
23. juni 2008, Oslo

Snorre Tindberg var ein norsk scenograf som var tilknytt Det Norske Teatret i 50 år. Han var òg ein levande og humoristisk historieforteljar.

Bakgrunn

Snorre Tindberg var fødd i Svolvær i Lofoten. Han vart tilsett som assistent ved Det Norske Teatret i 1949, samstundes som han studerte ved Statens håndverks- og kunstindustriskole. Frå 1958 var han tilsett som fast scenograf. Frå 1969 til 1986 var han både scenograf og teknisk sjef ved teatret. Han gjekk av med pensjon i 1993.

Som 76-åring i 2000 debuterte han som skodespelar i filmen Når mørket er forbi, regissert av Knut Erik Jensen, med tema frå Nord-Noreg.

Snorre Tindberg var far til skodespelar, dramatikar og regissør Svein Tindberg og til regissør Ivar Tindberg.

Scenografen

Frå 1954 til 1998 gjorde han nitti scenografiar ved Det Norske Teatret. Han var ein allsidig teatermann, mellom anna med eit sterkt engasjement for barneteater. Styrken i scenografien hans var særleg knytt til realistiske miljøskildringar, som i Medmenneske av Olav Duun (1976) og i teknisk krevjande oppsetjingar som Ein seljars død av Arthur Miller (1967). Han hadde òg stor suksess med fleire oppsetjingar av Harold Pinter og Samuel Beckett, til dømes Mens vi ventar på Godot (1970). Den siste scenografien han gjorde, var av Kjell Aukrusts Krokryggen (1998). Etter at han gjekk av med pensjon, var han knytt til teatret som omvisar.

Forteljaren

Snorre Tindberg var kjend som ein dugande forteljar, ikkje minst gjennom NRKs humorprogram frå Rorbua i Tromsø: «Du skal høre mye». Her kom det nordnorske lynnet og forteljargleda hans til sin rett.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Leif Mæhle (red.): Det Norske Teatret 75 år. Oslo 1988

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg