Hopp til innhold
X
Innhald

Bjarne Ulvestad

Bjarne Ulvestad, professor i tysk, sentral person innanfor nordistikk og dialektologi, lokalpatriot med sterkt engasjement for heimstaddialekten på Søre Sunnmøre.

Bjarne Ulvestad var fødd i Syvde på Sunnmøre 28. juni 1922 og døydde i Bergen 1. mars 2004. Etter gymnaset praktiserte han nokre år som lærar under krigen, før han i 1945 byrja ved Universitetet i Oslo, med faga engelsk, tysk og fransk.
Han studerte tysk filologi ved amerikanske universitet 1947–1952 og i Tyskland 1952–1953. I 1954 tok han doktorgraden ved universitetet i Madison, Wisconsin, i emnet indirekte tale i moderne tysk. Han var professor i tysk ved Universitetet i Bergen 1957–1992. I det vitskaplege arbeidet låg hovudinteressa i tysk syntaks. Han gav gjesteførelesingar om temaet i mange land, og vart rekna som ein internasjonal autoritet på området. I 20 år var han vald medlem av Instituttet for tysk språk i Mannheim, Tyskland. Som professor i Bergen rettleidde han eit 50-tals studentar fram til hovudfag i tysk.
Alt frå barneåra var Ulvestad sterkt oppteken av heimemålet i Syvde. Han la merke til at folk i bygda ikkje snakka likt, men at ord og talemåtar kunne skifte frå grend til grend. I 1951 skreiv han ei utgreiing om lyd- og bøyingssystemet i Syvde-målet, seinare publiserte han artiklar om lokal språkhistorie.
I 2009 gav son hans ut ei samling avis- og tidsskriftartiklar av faren: Rette det som rangt er. Ei samling artiklar om målet på Søre Sunnmøre.
Kjelder
Bjarne Ulvestad: Rette det som rangt er. Ei samling artiklar om målet på Søre Sunnmøre. Redigert av Elling Ulvestad og Oddvar Nes. Syvde sogelag 2009

Først publisert: 15.11.2011
Sist oppdatert: 25.04.2013