
Lars Utne
Lars Utne, bilethoggar som sette sitt merke på den unge monumentalarkitekturen i hovudstaden kring 1900, med kraftfulle utsmykkingsarbeid av heroisk karakter.

I 1896 busette han seg i Kristiania. Til Nationaltheatret modellerte han gavlgruppa «Sigurd Fåvnesbanes død» i sandstein og dei to dramatisk uttrykksfulle dyregruppene i bronse på taket over hovudfasaden. Mellom andre monumentalverk er relieffet «Arbeid og fred» over fasaden på Noregs Bank. Han kunne òg skape intime skulpturar i klassisk form og fint modellerte portrettbyster. Av einskildfigurar står den inntakande «Guten med beltet» (1915), innkjøpt til Nasjonalgalleriet, som det fremste. Marmorbysta av odelstingspresident Lars K. Liestøl i Stortinget er prega av fin karakteriseringsevne.
Som overlærar på teikneskulen vart han vegvisar for ein ny generasjon norske skulptørar. I lærargjerninga si var han kjend som ein sakleg, fast og myndig personlegdom.
Kjelder
Arne Durban: Norsk skulptur gjennom hundre år. Oslo 1942
Jens Thiis: Norske malere og billedhuggere, bd. 1. Bergen 1904
Reidar Storaas: «Bilethoggaren Lars Utne og samlingane hans». Hardanger folkemuseum 1961
Reidar Storaas: «Lars Utne», Norsk biografisk leksikon, bd. 9. Oslo 2005
O. Thue: «Lars Utne», Norsk biografisk leksikon, bd. 17. Oslo 1975
Sist oppdatert: 08.08.2020