Hopp til innhold
Viggo Ullmann. Foto Nasjonalbiblioteket, Flickr.com CC BY
Viggo Ullmann. Foto Nasjonalbiblioteket, Flickr.com CC BY
X
Innhald

Viggo Ullmann

Johan Christian Viggo Ullmann, folkehøgskulemann, målmann og Venstre-politikar. I 1886 fremja han forslag i Stortinget om røysterett for kvinner.

Viggo Ullmann var fødd 21. desember 1848 i Kristiania og døydde 30. august 1910 i Vestre Aker (no Oslo). Han tok examen artium i 1866, var huslærar i tre år og vart cand.philol. ved universitetet i Kristiania i 1872.
Ullmann var i oppveksten påverka av grundtvigianismen gjennom mor si og i studietida gjennom eit grundtvigiansk miljø i Kristiania, der han vart kjend med folkehøgskulepionerane Christopher Bruun og Olaus Arvesen. Hausten 1872 gjekk han på Askov Højskole, og dei neste tre somrane var han lærar ved Sagatun folkehøgskule ved Hamar.
I åra 1873–79 dreiv han sin eigen folkehøgskule, først i Austre Moland i Aust-Agder, så i Landvik ved Grimstad, deretter fleire stader i Telemark – i Seljord, Drangedal, Gjerpen og Vinje. I 1884  skipa han ein fast folkehøgskule på Utgarden i Seljord, som han dreiv fram til 1902. Han var pasifist på religiøst grunnlag, og innførte fredssaka i folkehøgskulen. Han var òg ein kjend folketalar, med radikale standpunkt.
Ullmann var stortingsrepresentant for Venstre i åra 1886–1900 og stortingspresident 1892–94 og 1898–1900. Han var formann i Norges Venstreforening 1893–94 og 1998–1900. I Stortinget stilte han seg i spissen for Kvindestemmeretsforeningen sitt forslag om røysterett for kvinner og fremja saman med ei gruppe andre stortingsrepresentantar forslaget i 1886. Men allmenn røysterett ved stortingsval vart vedteke først i 1913.
Han var medredaktør i Varden 1891–97 og var formann i Det norske Samlaget 1891–94. I 1890 skipa han Stortingets Fredsforening og var den første formannen der. Han var òg ei tid formann i Norges Fredsforening (i dag Norges Fredslag), som var blitt skipa i 1885. Etter oppløysinga av unionen med Sverige i 1905 gjekk han inn for republikk.
Han gav ut fleire skrifter, mellom anna verket Haandbog i verdenshistorien til brug for seminarier og ungdomsskoler samt til selvstudium, som kom i fire band i åra 1897 til 1909.
Frå 1902 til han døydde, var han amtmann i Bratsberg amt (i dag Telemark).
Kjelder
Anna Caspari Agerholt: Den norske kvinnebevegelses historie. Ny utgave med innledning av Kari Skjønsberg. Oslo 1973
A.M. St. Arctander: Skolemanden Viggo Ullmann. Et minde. Kvitseid 1912
Lars Eskeland: "Viggo Ullmann". Norsk Aarbok 1930. Bjørgvin 1930
Aslak Groven: "Litt um folkehøgskulen i Telemarki". Telemarks-Festskrift 1914. Skien 1914
Øyvind Holter: "Striden for fred". Fredsviljen, Oslo 1985
Eva Kolstad: Utsnitt av lovforslag, komitéinnstillinger og debatter i Stortinget om Stemmerett for kvinner 17. mai 181411. juni 1913. Oslo 1963
Leiv Mjeldheim:  Folkerørsla som vart parti. Venstre frå 1880åra til 1905. Bergen 1984
Mats Rønning: Fredsfaar i gjentatt strid – historien om den folkelige fredsbevegelse i Norge før 1914. Masteroppgåve i historie. Universitetet i Oslo 2005
Rasmus Stauri: Fire folkelærarar. Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullmann. Oslo 1930
Dag Thorkildsen: Grundtvigianisme og nasjonalisme i Norge i det 19. århundre. Oslo 1996
Aslak Torjusson: Den norske folkehøgskulen. Opphav og grunnlag. Oslo 1977
Sigvart Tøsse: Kunnskap, danning og opplysning. Kunnskapssyn og danningsideal i norsk folkeopplysning på 1800-talet. Trondheim 1997
Einar Østvedt: "Viggo Ullmann. Idealisten, folkehøyskolemannen og politikeren". Årbok for Telemark 1968, Skien 1968
Anders Kirkhusmo: Viggo Ullmann. Norsk biografisk leksikon / Store norske leksikon:
http://snl.no/.nbl_biografi/Viggo_Ullmann/utdypning [lesedato 4. juli 2013]
Peikarar

Først publisert: 28.10.2013
Sist oppdatert: 28.01.2016