Berit Opheim
Berit Opheim, songar og kvedar. Tre gonger har ho vore den beste i vokal tradisjonsmusikk på Landskappleiken. Ho meistrar andre songformer like godt.
Kari Veiteberg
Kari Veiteberg
Kari Veiteberg, prest og biskop i Oslo bispedøme.
Sigurd Verdal
Sigurd Verdal, lærar, målmann og stortingsrepresentant.
Jorunn Veiteberg
Jorunn Veiteberg
Jorunn Veiteberg, kunsthistorikar, dr.philos. og forfattar av ei rekkje bøker og artiklar om kunst og kunstnarar. Ho har vore spesielt oppteken av reklame, plakatar og kunsthandverk.
Aasmund Olavsson Vinje
Aasmund Olavsson Vinje
Aasmund Olavsson Vinje, journalist og diktar, var banebrytande ved å gjere landsmålet til eit levande bruksspråk, og han la grunnlaget for ein nynorsk essaytradisjon.
Lars S. Vikør
Lars Sigurdsson Vikør, nynorsk leksikograf, samnorskmann, språkhistorikar og indonesiakjennar. Han har uvanleg omfattande kunnskap om norsk rettskriving og grammatikk.
Knut S. Vikør
Knut Sigurdsson Vikør, midtaustenspesialist og formidlar av islam og islamsk historie.
Eivind Vågslid
Eivind Vågslid var filolog. Berre 29 år gamal fekk han H.M. Kongens gullmedalje for granskingane sine av norske mellomalderbrev.
Jonas Vellesen
Jonas Vellesen, kyrkjesongar og lærar, ein pioner når det gjaldt nynorske lærebøker for folkeskulen.
Tarjei Vesaas
Tarjei Vesaas
Tarjei Vesaas var ein av dei viktigaste forfattarane i Norden i det 20. hundreåret. Han skreiv både forteljande prosa, lyrikk og dramatikk og er omsett til mange språk. Også utanfor Norden vert han rekna som ein stor forfattar.
Knut Vaage
Knut Vaage, komponist og utøvar av improvisasjons- og samtidsmusikk. Han er særleg oppteken av møte mellom konservative former og moderne estetikk.
Olav Veka
Olav Veka, lektor og namnegranskar med personnamn som spesialområde.
Ola Vik
Ola Johannessen Vik, lærar og målmann som var så oppteken av folkeopplysning at han kjøpte eige prenteverk for å gi folk lesestoff på «målet».
Johan Fredrik Voss
Johan Fredrik Voss, skulemann, målmann og ordbokforfattar.
Dyre Vaa
Dyre Vaa
Dyre Vaa, produktiv bilethoggar og målar som kom til å prege norsk skulpturmiljø frå 1930-åra.
Audhild Viken
Audhild Viken, pioner når det gjeld framstilling og omsetnad av vovne og strikka husflidsvarer med utgangspunkt i nedarva mønster, fargeval og teknikkar frå Jølster og bygdene omkring.
Anders Viken
Anders Viken, felespelar og slåttekomponist som sette ein høg standard for komposisjonar, og stiller særlege krav til utøvaren.
Sigmund Skard
Sigmund Skard
Sigmund Skard, professor i amerikansk litteratur, forfattar og gjendiktar. Han var ein av dei store målhovdingane i andre halvdelen av det 20. hundreåret.
Eirik Vandvik
Eirik Vandvik, professor i mellomalderlitteratur, filolog og omsetjar. I tillegg til det akademiske arbeidet med latinsk grammatikk gjorde han ein stor innsats i formidlinga av gresk litteratur og åndsliv på nynorsk.
Arne Vinje
Arne Vinje
Arne Vinje, bonde, kulturformidlar og SV-politikar. Han har prøvd å verkeleggjere Arne Næss og andre sin økofilosofi gjennom praktisk arbeid med jord og ord.
Astrid Versto
Astrid Versto, lærar, journalist, diplomat og norsk ambassadør i Kroatia.
Andris Eivindsson Vang
Andris Eivindsson Vang, skulemann, forfattar og folkeminnesamlar, var den første i Noreg som samla folkeminne og gav dei ut på dialekt. Den første boka hans kom ut i 1850, tre år før Ivar Aasens Prøver af Landsmaalet.
Jo Visdal
Jo Visdal
Jo (John) Visdal, bilethoggar og medlem av Askerkretsen, foreviga nokre av dei fremste forfattarane og kunstnarane Noreg har fostra.
Margunn Vikingstad
Margunn Vikingstad
Margunn Vikingstad er litteraturkritikar og omsetjar. Ho er oppteken av norsk samtidslitteratur og er ei sentral røyst innanfor det litterære fagfeltet.
Eivor Vindenes
Eivor Vindenes
Eivor Vindenes er forfattar, redaktør og musikar. Ho skriv bøker for barn og legg vekt på leik, livleg fantasi og finurleg humor.
Helgi Valtýsson
Helgi Valtýsson
Helgi Valtýsson var lærar og forfattar frå Island og busett fleire år i Noreg. Han var den første som omsette eit utval islandsk lyrikk til landsmål.