Innhald
Anders Viken
Anders Viken, felespelar og slåttekomponist som sette ein høg standard for komposisjonar, og stiller særlege krav til utøvaren.
Anders Viken var fødd i Jølster 6. juli 1898, gjekk
lærarskulen i Volda og var folkeskulelærar i Jølster frå 1930 til han nådde
aldersgrensa. Han døydde i Jølster i 1977. Viken komponerte over 300 slåttar. Spesielt
kjende er «Jølstrabrura», «Huldresølvet» og «Brulandsvalsen». Faren, Ole Olsen
Viken, var òg spelemann, og sonen Arne førte Viken-tradisjonen vidare med mange
innspelingar.
Viken ville utvikle folkemusikken. Sjølv lét han byggje, og
spela på, eit instrument som var ein mellomting mellom vanleg fele og
hardingfele, det han kalla «ideal-fela». Musikken er inspirert av
Jølster-naturen og vart mykje omtykt. Komposisjonane er prega av posisjonsspel
og dobbelgrep. Titlane er gjerne humoristiske. Særleg «Jølstrabrura» vart
landskjend og var mykje spela i den populære Ønskekonserten på NRK i mange år.
Anders Viken fekk Kongens fortenestemedalje i gull. Ei byste
av han vart sett opp på fødestaden Skei i Jølster ved 100-årsjubileet i 1998.
Kjelder
Arne Viken (red.): Anders
Viken. Jubileumsalbum 1898–1998. Oslo 1998
Først publisert: 14.02.2011
Sist oppdatert: 25.04.2013
Sist oppdatert: 25.04.2013