Hopp til innhold
X
Innhald

Andris Eivindsson Vang

Andris Eivindsson Vang, skulemann, forfattar og folkeminnesamlar, var den første i Noreg som samla folkeminne og gav dei ut på dialekt. Den første boka hans kom ut i 1850, tre år før Ivar Aasens Prøver af Landsmaalet.

Andris Eivindsson Vang var fødd i Vang i Valdres 27. mai 1795 og døydde same staden 3. oktober 1877. Han var gjetargut i prestegarden frå han var tolv, og der fekk han undervisning av presten. Elles var omgangsskulen den einaste utdanninga han fekk.

I 1817 vart Eivindsson Vang tilsett som skulemeister i Vang. I tillegg var han ein drivande husmann, kjøkemeister og tradisjonssamlar. Ei tid var han òg klokkar i Vang.

Eivindsson Vang var ein dyktig songar og var mykje brukt som kjøkemeister både i barsel, bryllaup og gravøl. «Bryllupsskikke i Valdres» var det første han fekk på trykk – i Skilling-Magazin i 1848.

Tidleg begynte Eivindsson Vang å skrive ned eventyr, segner, risper og regler – på dialekt. Først då han hadde slutta som skulemeister i 1847, fekk han tid til å gi ut materialet. Gamla Reglo aa Rispo ifraa Valdris, en Samling af Fortællinger, Sagn og Eventyr kom ut i 1850. Det var den første folkeminnesamlinga på dialekt, og Ivar Aasen rosa samlinga sterkt. I 1871 kom Gamla Segner fraa Valdres, og i 1915 Fraa Valdres (utgitt av O.K. Ødegaard).

På ei ferd til Kristiania i 1847 vart Eivindsson Vang kjend med komponisten og folkemusikksamlaren L.M. Lindeman, og Lindeman skreiv ned 86 salmar, 83 viser og 13 langeleiklåttar etter han. Eivindsson Vang er gravlagd ved Vang kyrkje. Lærar og forfattar Hallvard Bergh fekk reist ein minnestein på grava hans, med støtte frå mellom andre Ivar Aasen, Sophus Bugge og L.M. Lindeman. Andris Eivindsson Vang-stova frå 1831 står i dag på Valdres Folkemuseum, Fagernes.

Kjelder

Knut Hermundstad: «Andris Eivindsson Vang», Norsk allkunnebok, bd. 10. Oslo 1964

Olav Gullik Bø (red.): Arvegull. Andris Vang og livsverket hans. Vang kommune 1995. Digital utgåve: https://www.nb.no/items/ebcdc791c70b8ad8e77a02e322f2c8d2?page=0&searchText=andris%20eivindsson%20vang [lesedato 12.12.2017]

Peikarar

Nils Oddvar Bergheim: Folkeminnesamlaren Andris Vang. Oslo 1974. Digital utgåve på Bokhylla.no 

Knut Hermundstad (skriftstyrar): Andris Eivindson Vang og verket hans. Eit 100-års skrift. Leira 1951. Digital utgåve på Bokhylla.no 

J.E. Nielsen: Gamla Segner fraa Valdres etter Uppskrift av Andres Eivindson Vang. Christiania 1871. Digital utgåve på Bokhylla.no 

Andris Vang: Gamla Reglo aa Rispo ifraa Valdris, en Samling af Fortællinger, Sagn og Eventyr. Christiania 1850. Digital utgåve på Bokhylla.no

Andris Vang: Kort Udsigt over en Skolelærers Levnetsløb med et Tillæg af Bryllupsskikke og Kjøgemestervers fra Valdres. Dybwad. Christiania 1870. Digital utgåve på Bokhylla.no

O.K. Ødegaard: Fraa Valdres. Upptekna umlag 1850 taa Andris Eivindson Vang. Kristiania 1915. Digital utgåve på Bokhylla.no

Først publisert: 20.02.2018
Sist oppdatert: 09.03.2018