Hopp til innhold
X
Innhald

Astrid Versto

Astrid Versto, lærar, journalist, diplomat og norsk ambassadør i Kroatia.

Astrid Versto er fødd 3. august 1953 i Vinje kommune i Telemark. Ho tok vidaregåande skule i 1969–72 og studerte ved Telemark lærerhøgskole i Notodden og Norsk Journalisthøgskole i Oslo. Ho arbeidde som lærar ved Åmot skule i Vinje før ho begynte som journalist i NRK i 1985. Først var ho radiojournalist i NRK Dagsnytt, i 1991–95 journalist i NRK Fjernsynet og frå 1995 nyhendeanker i Dagsrevyen og leiar av politisk avdeling. Versto arbeidde i NRK fram til 2000.

I perioden 2000–04 var ho kommunikasjonsdirektør i Norad, i 2004–05 personal- og administrasjonsdirektør same staden, før ho var kommunikasjonsdirektør ved Slottet i 2005–08. Versto var ministerråd ved ambassaden i Wien i 2008–12, kommunikasjonssjef for utviklingssaker i Utanriksdepartementet i 2012–15, og i 2015 blei ho ut utnemnd til norsk ambassadør i Zagreb i Kroatia.

I 1988 stod Roger Lockertsen og Astrid Versto bak videoen og opplegget til «Nynorsk is a better language». I 1997 gav ho ut boka Hardingfela. Det norske nasjonalinstrumentet, saman med Halvard Kaasa.

Versto var medlem av styret i Noregs Mållag i fleire periodar og nestleiar i 1987–88. Ho var òg nestleiar i styret for Det Norske Teatret i 2004–07. Ho fekk Kringkastingsprisen i 1996 for bruken sin av nynorsk i NRK.

Kjelder

«Astrid Versto ny informasjonssjef på Slottet», vg.no, publisert 21.3.2005: http://www.vg.no/nyheter/innenriks/kongehuset/astrid-versto-ny-informasjonssjef-paa-slottet/a/271097/ [lesedato 19.1.2016]

Marie Roksund: «Telemarks første kvinnelige ambassadør», nrk.no, sist oppdatert 08.10.2015: http://www.nrk.no/telemark/telemarks-forste-kvinnelige-ambassador-1.12592359 [lesedato 19.1.2016]

«Ny informasjonssjef på Slottet», siste.no, publisert 21.3.2005: http://www.siste.no/kultur/ny-informasjonssjef-pa-slottet/s/1-103-1513029 [lesedato 19.1.2016]

Peikarar

Bente Frøytlog: «– Jeg er veldig privat», dagbladet.no, publisert 12.8.1999

Hakon Holtan: «Slutter på Slottet», budstikka.no, publisert 16.1.2008

«Kommunikasjonssjef for utviklingssaker», bistandsaktuelt.no, sist oppdatert 19.4.2015

Omtale av boka Hardingfela på bokelskere.no


Telemarks første kvinnelige ambassadør




Først publisert: 28.04.2016
Sist oppdatert: 28.04.2016