Hopp til innhold
Byste av Edvard Munch (1886, støypt 1909), laga av Jo Visdal. Eigar og foto: Nasjonalmuseet CC BY-NC 4.0 (biletnr. NG.S.00834).
Byste av Edvard Munch (1886, støypt 1909), laga av Jo Visdal. Eigar og foto: Nasjonalmuseet CC BY-NC 4.0 (biletnr. NG.S.00834).
X
Innhald

Jo Visdal

Jo (John) Visdal, bilethoggar og medlem av Askerkretsen, foreviga nokre av dei fremste forfattarane og kunstnarane Noreg har fostra.

Jo Visdal var fødd 2. november 1861 i Vågå i Oppland og døydde 26. desember 1923 i Asker, der han budde frå 1901. Han er gravlagd på Asker kyrkjegard. Han kom til Kristiania i 1880. Der gjekk han i lære hos ein møbelsnikkar, før han utdanna seg ved Den kongelige tegneskole i åra 1883 til 1887 under Julius Middelthun og frå 1889 til 1890 under Oscar Wergeland.

 

Visdal fekk Finnes legat i 1886 og Houens fond i 1888 og 1890. På studieopphald i Paris i 1888 og seinare fekk han undervisning av mellom andre Léon Bonnat og Pierre Puvis de Chavannes. Visdal debuterte på Haustutstillinga i Kristiania i 1883. Den første separatstillinga heldt han i Christiania Kunstforening i 1894. Han vart representert ved fleire utstillingar i inn- og utland, mellom dei verdsutstillingane i Paris i 1889 og Chicago i 1893.

 

Portrettbystene av Edvard Munch i bronse (1886) og Knud Knudsen, både i marmor og bronse (1889) var høgdepunkt tidleg i karrieren. Elles laga Visdal mange forfattarportrett i naturalistisk stil, mellom dei portrett av Bjørnstjerne Bjørnson (1890) og Henrik Ibsen (1903). Året etter portretterte han Arne Garborg. Denne bysten i gips er noko meir eksperimentell i forma.

 

Fleire prestisjefylte oppgåver følgde. Nokre døme er altertavla med korsfestingsmotiv til Fagerborg kyrkje i Oslo (1904), relieff av kong Haakon 7. til den første myntrekkja i det nye Noreg (1907), gravrelieff av Jonas og Thomasine Lie (1909) og Erika Nissen (1910), og medalje til Universitetet i Oslo sitt 100-årsjubileum i 1911, etter teikning av Domenico Erdmann. Eit av dei siste arbeida er bronsebysten av Ole Fladager (1921) til Ivarshaugen i Ulnes i Nord-Aurdal.

 

Visdal sat i Asker kommunestyre for Venstre frå 1916. Han var Asker kommune sin første bibliotekar og den første filmbestyraren i bygda, frå 1922. Året etter kjøpte han tomt på Hvalstad for å bu nærmare dei mange venene i Kunstnardalen, men han døydde før draumen vart realisert. Han hadde elles også skaffa seg hus i Vågå seint i livet.

 

Visdal var mellom anna styremedlem i Bildende Kunstneres Styre frå 1895 til 1923, og han var medlem av innkjøpskomiteen i Nasjonalgalleriet i 1914. Visdal er innkjøpt av ulike museum, mellom dei Nasjonalgalleriet og Bergen Billedgalleri. Jutulheimen i Vågå fekk 25 arbeid etter han. Fleire skulpturar finst i offentlege bygg over heile landet. Carsten Anker-monumentet på Eidsvoll, reist i 1914, er det mest storslåtte verket.

 

Visdal vart kommandør av Kunstnerforeningens Purpurnese-orden i 1912. Det vart arrangert ei minneutstilling hos Blomqvist i 1936 og i Nordherad i Vågå i 2005.

 

Kjelder

Francis Bull: Norske portretter. Forfattere. Oslo 1956

Arne Durban-Hansen: «Jo Visdal. Bondegutten fra Vågå som blev billedhugger», Kunst og Kultur 1941

Hulda Garborg: Dagbok 1903–14. Oslo 1962

Øystein Hovdkinn: «Jo Visdal. Bilethoggaren frå Vågå», i Arvid Ødegaard (red.): Årbok for Gudbrandsdalen 1994. Seinare trykt i Ellen Wold og Knut Raastad (red.): Jo Visdal. Bondeguten som reiste til Paris for å bli bilethoggar. Norheradsprosjektet 2006

Karl Nilsen: Blant kunstnere i det gamle Asker. Asker og Bærum historielag 1979

Sigrid Rømcke Thue og Oscar Thue: «Visdal, Jo (John)», Norsk kunstnerleksikon. Oslo 1986. Seinare trykt i Ellen Wold og Knut Raastad (red.): Jo Visdal. Bondeguten som reiste til Paris for å bli bilethoggar. Norheradsprosjektet 2006

Ellen Wold og Knut Raastad (red.): Jo Visdal. Bondeguten som reiste til Paris for å bli bilethoggar. Nordheradsprosjektet 2006

 

«Jo Visdal» usignert nettartikkel, http://akershus.kulturnett.no/historie/kunstner/kunstbild/visdal.html [lesedato 25.6.2012]

 

Peikarar

Bibliografi på oria.no

Først publisert: 17.04.2018
Sist oppdatert: 17.04.2018