Hopp til innhold
X
Innhald

Johan Fredrik Voss

Johan Fredrik Voss, skulemann, målmann og ordbokforfattar.

Johan Fredrik Voss var fødd 29. juli 1883 i Arna og døydde i 1966. Både faren og farfaren var sokneprestar, og farbroren var skulemannen Peter Christian Voss. Voss studerte tysk i Oslo og Leipzig. I Oslo var han aktiv i Studentmållaget og var formann der i 1906.
Etter Voss vart cand.philol. i 1908, skipa han Volda private millomskule og gymnas i 1910 og var skulestyrar der frå starten og fram til 1917. Han var lektor ved Voss landsgymnas 1917–22 og deretter rektor ved Eidsvoll landsgymnas fram til 1945.
Frå 1917 til 1926 var Voss redaktør for Norsk pedagogisk tidsskrift. Han var òg medlem av fleire offentlege skulekommisjonar. I 1933 gav han ut ei tysk-norsk ordbok, og han skreiv fleire skulebøker for tyskfaget. Han var òg den første bladstyraren for Heimsyn, ei spalte som mållaget hadde kvar veke i avisa Den 17de Mai.
Voss var medlem av Nasjonal Samling frå 1940, og Eidsvoll landsgymnas fekk rykte på seg for å vere eit NS-gymnas. I 1945 vart han avsett som rektor.
Kjelder
Gudleiv Forr og Helge Vold (red.): Landsgymnaset. Oslo 2007

Først publisert: 31.07.2010
Sist oppdatert: 28.07.2017