Hopp til innhold
X
Innhald

Jorunn Veiteberg

Jorunn Veiteberg, kunsthistorikar, dr.philos. og forfattar av ei rekkje bøker og artiklar om kunst og kunstnarar. Ho har vore spesielt oppteken av reklame, plakatar og kunsthandverk.

Veiteberg er fødd på Stord 23. juli 1955, utdanna ved Universitet i Bergen og bur i København. Ho var professor II ved Kunsthøgskolen i Bergen i 2002–15 og jobbar som frilansskribent og -kurator. Veiteberg har vore redaktør for tidsskriftet Kunsthåndverk (1998–2007), har kuratert ei rekkje utstillingar i inn- og utland og har hatt verv i ulike styre, komitear og juryar.

Av publikasjonar må nemnast doktoravhandlinga frå 2000 om norske plakatar i historisk perspektiv og debattboka Kunsthandverk frå 2005 om kunsthandverket si utvikling og stilling i dag. Boka finst òg i engelsk utgåve, Craft in transition. Utviklinga av kunsthandverk frå å vere bruksting til skulptur, er noko Veiteberg lenge har vore oppteken av. I artikkelen «To use and being used by language» (2005) samanliknar ho denne utviklinga med utviklinga av nynorsk, og tek mellom anna utgangspunkt i eigne erfaringar som nynorskbrukar.

Veiteberg vart tildelt Norsk Forms Hederspris i 2010 og Norske Kunsthåndverkere sin ærespris i 2013. I 2015 vart ho kåra til Årets nynorskbrukar for bruken av nynorsk innan kunstfeltet.

Frå 2016 er Jorunn Veiteberg medlem av Kulturrådet.

Kjelder

Presentasjon av Jorunn Veiteberg på nettsidene til Kunsthøgskolen i Bergen, khib.no, sist oppdatert 03.09.2010, http://www.khib.no/khib/Ressurser/Ansatte/Faglig-ansatte/Veiteberg-Jorunn [lesedato 03.09.2009]

Om doktordisuptasen 2000, «Norske plakatar i historisk lys», nettsidene til Universitetet i Bergen, uib.no, http://www.uib.no/info/dr_grad/2000/Veiteberg.html [lesedato 03.09.2009]

Peikarar

Jorunn Veiteberg på Oria.no

Hedersprisen 2010, norskform.no

«Kunsthistoriker Jorunn Veiteberg tildeles NKs ærespris for 2013», norskekunsthandverkere.no

«Jorunn Veiteberg er Årets nynorskbrukar», aasentunet.no

Først publisert: 03.09.2009
Sist oppdatert: 04.02.2016