Faktaboks

Kari Veiteberg
Fødd
4. februar 1961, Stord

Kari Veiteberg

/Oslo bispedømme.

Kari Veiteberg er ein norsk teolog og prest. Ho har vore biskop i Oslo bispedømme sidan desember 2017. 8. januar 2024 varsla Veiteberg at dette året blir hennar siste som biskop i Oslo. I desember går ho tilbake til stillinga som prest i Kirkens Bymisjon.

Utdanning

Veiteberg er utdanna cand.theol. ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo, i 1988. I 2006 vart ho dr.theol. same stad med avhandlinga Kunsten å framføre gudstenester. Dåp i Den norske kyrkja.

Karriere

Veiteberg var vikarprest i Oslo i 1991, kapellan i Tempe kyrkjelyd, Trondheim, frå 1992, stipendiat ved Det praktisk-teologiske seminar i Oslo frå 1995 og bymisjonsprest ved Bymisjonssenteret Tøyenkirken i Oslo frå 2000. Ho var studierektor ved Liturgisk senter i Trondheim frå 2009, gateprest i Kirkens Bymisjon Bergen frå 2013 og bymisjonsprest ved Bymisjonssenteret Tøyenkirken frå 2014.

Bøker

Kari Veiteberg har gjeve ut fleire bøker, mellom anna Bibelens kvinner (1995), Evas Døtrer. Om kvinnene i Bibelen (2001), Jacob Jervell. Et portrett (2013) og Bibelen på 200 sider. Frå dei første sju dagane til verdas ende (2021).

Familie

Kari Veiteberg er syster til Jorunn Veiteberg.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg