Hopp til innhold
X
Innhald

Knut S. Vikør

Knut Sigurdsson Vikør, midtaustenspesialist og formidlar av islam og islamsk historie.

Vikør er fødd 10. juni 1952 i Orkdal. Han blei dr.philos. ved Universitetet i Bergen i 1991 med avhandlinga Sufi and Scholar on the Desert Edge, som tek for seg reformtradisjonen innanfor islam, eksemplifisert gjennom sufismen til Muhammad b. Ali Al-Senussi og ordenen hans i det nordlege Sahara.
 
Vikør blei professor i Midtausten og det muslimske Afrika si historie ved Universitetet i Bergen i 2007. Her har han vore sentral i oppbygginga av midtaustenstudiar, og han var den første leiaren for Senter for Midtausten- og islamske studiar i perioden 1988–2005.
 
På norsk har Vikør gitt ut Ei verd bygd på Islam. Oversikt over Midtaustens historie (1993, 2004), Islam. Ei faktabok (2002, 2006), Mellom Gud og stat. Ei historie om islamsk lov og rettsvesen (2003) og Maghreb. Nordafrika etter 1800 (2007). I den pågåande debatten om islam og islamisme har Vikør arbeidd for å nyansere essensialistiske oppfatningar og for å framheve mangfaldet i måten islam blir oppfatta og praktisert på hos muslimane sjølve.
 
Kjelder
Per Anders Todal: «Vil forske, ikkje fordømme», Dag og Tid nr. 35/ 2003

Først publisert: 17.12.2009
Sist oppdatert: 07.12.2011