Hopp til innhold
X
Innhald

Ola Vik

Ola Johannessen Vik, lærar og målmann som var så oppteken av folkeopplysning at han kjøpte eige prenteverk for å gi folk lesestoff på «målet».

Ola Vik var fødd 4. februar 1854 i Viksdalen i Sunnfjord og døydde 17. desember 1897 i Gaular. I 1878 gjekk han ut frå Balestrand lærarskule, og året etter tok han til som lærar i Dalen krins i Bremanger, der han vart buande livet ut. Han tok i bruk nynorsk som undervisningsspråk i 1889, 18 år før kommunen gjorde formelt vedtak om dette.
Ola Vik las mykje og følgde såleis godt med i det som hende i landet. Etter kvart vart han meir og meir oppteken av å drive folkeopplysning. Han vart fanga av denne tanken, og i 1890 selde han garden sin og kjøpte seg eit prenteverk.
Her trykte han både blad og bøker. Han skreiv sjølv det meste av det han gav ut, og det meste var på landsmål. Han gav ut eit blad annakvar veke, det heitte først «Livet» og var på riksmål, men etter namneskiftet til «Forteljaren» var det skrive på landsmål. Dei viktigaste bøkene han gav ut, var Den vetle mållæra (1892) og Nokre Brevmynstre i norsk landsmål (1894).
Vik var aktiv i ungdomslaget, i fråhaldssaka og i songlaget. Dessutan var han mykje rundt på møte i dei andre bygdene i kommunen, mellom anna i samband med arbeidet for målsaka.
 
Kjelder
Anders A. Lothe: Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. Florø 1950
Jens Sigdestad: «Ola Johannessen Vik». Semesteroppgåve. Høgskulen i Volda 2004

Først publisert: 30.04.2010
Sist oppdatert: 15.01.2018