Hopp til innhold
X
Innhald

Sigurd Verdal

Sigurd Verdal, lærar, målmann og stortingsrepresentant.

Sigurd Verdal var fødd 4. juni 1927 i Eiken i Vest-Agder og døydde 27.august 2010. Han var utdanna lærar med tysk og engelsk som tilleggsfag. Verdal arbeidde som lærar i perioden 1953–69, og han var skolesjef i Audnedal kommune i 1969–81.
 
Han sat som medlem av Audnedal kommunestyre (1969–73) og Vest-Agder fylkesting (1969–81). Deretter var han stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Vest-Agder i 12 år (1981–93) og visepresident i Lagtinget (1985–89).
 
Verdal har hatt ei rekkje offentlege verv og tillitsverv i organisasjonar. Han var mellom anna formann i Løvebakken Mållag 1986–88, formann i Rådet for «Hold skjærgården ren» 1986–89 og leiar for Omsetningsrådet 1992–2000.
 
Han hadde fleire verv i Vest-Agder skikrins og Norges Skiforbund mellom 1962 og 1982, var leiar for styret for NOR-PLATE A/S 1996–2000 og leiar for styret for stiftinga Arkivet, Institutt for dialog og konflikthåndtering frå 1999.
 
Verdal fekk Kongens fortenstemedalje i 1998.
 
Peikar
Sigurd Verdal på nettsidene til Stortinget

Først publisert: 03.09.2009
Sist oppdatert: 03.01.2014