Wilhelm Andreas Wexelsen
Vilhelm Andreas Wexelsen var ein markert prest og venstrepolitikar, som dei siste leveåra var biskop. Som statsråd fekk han i 1892 både autorisert Blix-salmane til kyrkjebruk og gitt dei lokale skulestyra mynde til å avgjere om lærebøkene skulle vere på bokmål eller nynorsk.
Ingunn Wiken
Ingunn Elida Wiken, sjølvstendig næringsdrivande og illustratør. Ho har gitt ut barneboka Karl Oscar i hardt ver saman med Eli Kari Gjengedal.
Werner Werenskiold
Werner Nilsen Werenskiold, jurist og målstrevar.
Marie Lovise Widnes
Marie Lovise Widnes
Marie Lovise Widnes, kulturpersonlegdom, husmor, politikar og skribent, vart nasjonalt kjend for ein song om «gangdøra heime».
Dagfinn Worren
Dagfinn Worren
Dagfinn Worren, språkforskar og ordbokredaktør, har i 40 år vore blant dei fremste i norsk leksikografi og ein vilkårslaus, stilsikker nynorskbrukar i all si gjerning.
Åse Wetås
Åse Wetås
Håkon Wergeland
Håkon Hansson Wergeland, prest, skulemann og forfattar, var ei årrekkje rektor ved lærarskulane i Notodden og Kristiansand og forfattar av oppbyggjelege bøker og lærebøker. Han gav òg ut fleire diktsamlingar.