Hopp til innhold
Dagfinn Worren i samband med lanseringa av band 12 av Norsk Ordbok i 2016. Foto: Alv Reidar Dale / Uniforum. Brukt med løyve.
Dagfinn Worren i samband med lanseringa av band 12 av Norsk Ordbok i 2016. Foto: Alv Reidar Dale / Uniforum. Brukt med løyve.
X
Innhald

Dagfinn Worren

Dagfinn Worren, språkforskar og ordbokredaktør, har i 40 år vore blant dei fremste i norsk leksikografi og ein vilkårslaus, stilsikker nynorskbrukar i all si gjerning.

Worren er fødd i Herøy på Sunnmøre 28. desember 1944. Etter examen artium ved Volda gymnas 1965 tok han i 1974 norsk hovudfag ved Universitetet i Oslo med ei avhandling om relativsetningar. Same hausten vikarierte han som universitetslektor ved Nordisk institutt på universitetet. Studieåret 1975–76 var han høgskulelektor ved Møre og Romsdal distriktshøgskule i Volda.

Frå våren 1975 til jula 2014 med avbrot for året i Volda var Worren tilsett ved Universitetet i Oslo med oppgåver for Nynorskordboka og Norsk Ordbok . I perioden 1976–86 arbeidde Worren med Nynorskordboka, og 1986–2014 med Norsk Ordbok. Etter år som høgskulelektor var han amanuensis 1978–1990 og førsteamanuensis frå 1990 til han fekk opprykk til professor i 2004.

Worren var redaktør for Nynorskordboka som blei gitt ut 1986 og kom i tre nye utgåver til og med 2006. Saman med Oddrun Grønvik og Lars S. Vikør var Dagfinn Worren hovudredaktør for band 7–12 av Norsk Ordbok, utgitt 2008–2015.

Frå 1996 til 2011 gav han ut Ivar Aasen-almanakken og frå 2013 mobil-appen Dagens Aasen-ord. I 2011 redigerte han festskriftet Språk og samfunn – heime og ute til Lars S. Vikør saman med Olaf Almenningen og Marit Hovdenak. I 2014 kom boka Frå A til Å. Veneskrift til Dagfinn Worren på 70-årsdagen 28. desember 2014 , kollektivt redigert av Olaf Almenningen, Oddrun Grønvik, Helene Urdland Karlsen, Andreas Tandberg, Lars S. Vikør og Åse Wetås.

Ordbokarbeid på mange nivå

Dagfinn Worren arbeidde høgt og lågt med hovudverk i norsk ordboklitteratur i 40 år og var både ein strategisk og praktisk nøkkelperson i modernisering av ordbokarbeid. Såleis var han ein sentral medarbeidar då ordsamlingane i Norsk Ordbok blei digitaliserte 1991–1997. I 2000 tok han initiativet til og redigerte Kvitbok om Norsk Ordbok. Denne var ein del av grunnlaget for den opptrappingsplanen for ordboksverket som blei sett i verk frå 2002. Worren var nestleiar i prosjektorganisasjonen Norsk Ordbok 2014 i åra 2002–2014 og henta impulsar mellom anna frå nærkontakt med ordbokmiljø i Canada, USA og Sør-Afrika.

Worren var redaktør for Nynorskordboka som blei gitt ut 17.2.1986. Dei andre redaktørane var Marit Hovdenak, Laurits Killingbergtrø, Arne Lauvhjell, Sigurd Nordlie og Magne Rommetveit. Ordboka med 90 000 oppslagsord byggjer særleg på dei store ordsamlingane til Norsk Ordbok med tilfang frå nynorsk skriftspråk og talemålet i heile landet. Nynorskordboka er utarbeidd i samarbeid med Språkrådet. Nye trykte utgåver kom i 1993, 2001 og 2006. Like sidan 1994 har Nynorskordboka vore tilgjengeleg som gratis oppslagsverk på Internett.

Saman med mellom andre Oddrun Grønvik og Lars S. Vikør var Dagfinn Worren hovudredaktør for band 7–12 av Norsk Ordbok, utgitt 2008–2015. Melom dei viktige ordboksartiklane han har skrive, er «gud» i band 4 og «sol» i band 10. Dei to lengste artiklane er «selja» i band 9 og «topp» i band 11. Kjennemerket hans er den presise og pålitelege vurderinga.

Mild og meiningssterk nynorskbrukar

Dagfinn Worren har vore ein av dei vilkårslause og profilerte nynorskbrukarane som har brydd seg, teke initiativ, stilt spørsmål, følgt opp saker. Dette har kome til uttrykk i både artiklar, debattinnlegg, verv og større utgivingar. Dei større artiklane spenner frå milde, men myndige bokmeldingar til artiklar om leksikografiske databasar og sunnmørske ordsamlingar og ikkje minst Ivar Aasen.

I 1992 var denne mangkunnige møringen med i det hovudutvalet som la fram ein fagleg ambisiøs forprosjektrapport om Ivar Aasen-tunet. Fire år seinare leidde han styringsgruppa for Den internasjonale Ivar Aasen-konferansen som samla 220 deltakarar frå 11 land. Worren representerte 1997–2004 Universitetet i Oslo i rådet for Nynorsk kultursentrum og sette der sitt rause preg på arbeidet

Dagfinn Worren gav frå 1996 ut Ivar Aasen-almanakken, utvikla som hans eigen idé. Denne redigerte han i trykt form til og med 2011. Kjennemerket for almanakken var daglege ordtak frå Ivar Aasen, med endringar frå år til år. Frå 2013 har han ført dette vidare i mobil-appen Dagens Aasen-ord.

Kjelder

Arkiv og bibliotek Ivar Aasen-tunet

Bibsys: søk Dagfinn Worren, lesedato 23.9.2014

Ottar Grepstads arkiv

Ingeborg Kongslien: CV for Dagfinn Worren, august 2014

Norart: søk Dagfinn Worren, lesedato 23.9.2014

Ottar Grepstad: Bibliografi over skrifter om Ivar Aasen, Ørsta 2014

Geir Wiggen: Annotert katalog over hovedfagsavhandlinger i studiefaget nordisk språk og litteratur ved norske universitet og høgskoler 1906–2007 , Oslo 2011

Ottar Grepstad: «Eit språk blir til. Den nynorske skriftkulturen 1646–2013», allkunne.no, http://www.allkunne.no//framside/sprak/eit-sprak-blir-til/eit-sprak-blir-til/34/1063 [lesedato 23.9.2014]

Peikarar

Nettstaden til Norsk Ordbok

Nynorskordboka på nett

Først publisert: 16.12.2014
Sist oppdatert: 07.12.2016