Hopp til innhold
Foto: Ivar Aasen-tunet
Foto: Ivar Aasen-tunet
X
Innhald

Marie Lovise Widnes

Marie Lovise Widnes, kulturpersonlegdom, husmor, politikar og skribent, vart nasjonalt kjend for ein song om «gangdøra heime». Ho har vore ei modig kristensosialistisk røyst gjennom fleire tiår, først i Arbeidarpartiet, etter det i Sosialistisk Venstreparti og no som partilaus skribent.

Marie Lovise Widnes er fødd 1. november 1930 i Syltedalen i Vanylven og voks opp under enkle kår. Familien var kristen og samstundes knytt til Arbeidarpartiet. Marie Lovise og broren var aktive i Arbeidaranes ungdomsfylking, der dei dreiv eit aktiv kulturarbeid med mellom anna viser og sketsjar. På grunn av dette kulturarbeidet, mellom anna ei framføring for statsminister Einar Gerhardsen, fekk ho gratis utdanning ved arbeidarrørsla sin folkehøgskule på Sørmarka i 1952. Denne utdanninga var den einaste ho tok utanom ordinær grunnskuleutdanning.
På Sørmarka trefte ho jarnarbeidaren Ole Johansen frå Fredrikstad, som ho gifta seg med i 1954 og etter kvart fekk fire gutar med. Både omsorga for eigne born og for foreldra var ein viktig del av livet til Widnes på denne tida. Men samstundes heldt ho fram med kulturarbeidet sitt. Blanda program med kåseri, songar og sketsjar var det vanlege. Ho fekk òg publisert fleire tekstar i blada Ungdomsvon og Nynorsk vekeblad og song i ein kjend programserie på NRK.
I 1957 produserte plateselskapet Philips fleire plater der Marie Lovise Widnes song visene sine, mellom anna songen om «gangdøra heime». «Gangdøra» var ei humoristisk og kvardagsleg vise dikta på ein svensk melodi og framført på ein dialektprega nynorsk. Songen vart raskt svært populær. Året etter gav ho ut ei visebok, illustrert av Kjell Aukrust. Widnes skreiv i denne perioden Borna på Solstad, som var utgangspunkt for fleire program for born på NRK, og ho reiste på turne saman med Tarjei Vesaas.
(Artikkelen held fram under videoane)
 
Øvste video: «Visa om bestemor» frå EP-en Kjærleiksvegen, 1957.
Nedste video: «Ei vise om ord» frå EP-en Gangdøra, 1957.
Widnes engasjerte seg tidleg i partipolitikk, først gjennom Arbeidarpartiet. Husmora vart kjend som ein lite byråkratisk og uortodoks politikar, som mellom anna kunne framføre innlegg på rim. Men i fleire spørsmål, mellom anna EU-saka, hadde Widnes og leiinga i Arbeidarpartiet ulike syn. Widnes var med på skipinga av Sosialistisk Venstreparti i 1975 og hadde seinare ei rad verv i partiet. Frå 1975 til 1987 representerte ho partiet i Møre og Romsdal fylkesting, og frå 1989 til 1993 representerte ho partiet på Stortinget. I 2010 melde Widnes seg ut av Sosialistisk Venstreparti og har fleire gonger ytra seg kritisk om utviklinga i partiet. Ho skriv jamleg politiske innlegg dags- og vekepressa.
Marie Lovise Widnes fekk i 2006 Kongens fortenestemedalje i gull, og same året vart ho òg tildelt æresmedlemskap i Noregs Mållag. Widnes har fått ein rekkje lokale kultur- og medieprisar.
Kjelder
Vikebladet Vestposten 6. mai 2010
Liv Marit Idsø: Marie Lovise Widnes. Tusenkunstnar og kvardagsmenneske. Oslo 1986
Frank Rossavik: Fra Kings Bay til kongens bord. Oslo 2011
Marie Lovise Widnes: Ein glytt innom gangdøra. Setesdalsforlaget, Valle 2012
Marie Lovise Widnes, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=MAWD [lesedato 10.2.2014]
Peikarar
Widnes om SV sitt valnederlag i 2013, nrk.no

Først publisert: 10.02.2014
Sist oppdatert: 04.11.2019