Hopp til innhold
Ein asylsøkjar på asylmottak. Foto: Utlendingsdirektoratet, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.
Ein asylsøkjar på asylmottak. Foto: Utlendingsdirektoratet, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.
X
Innhald

Asylsøkjar

Ein asylsøkjar er ein person som har søkt om vern (asyl) i eit land, og som ventar på å få søknaden behandla. Det er Utlendingsdirektoratet som har til oppgåve å behandle asylsøknader.

Asylsøkjarar til Noreg er personar som kjem til landet og søkjer asyl utan allereie å ha fått status som flyktning av FNs høgkommissær for flyktningar. Ifølgje utlendingslova har personar som kan definerast som flyktningar etter FNs flyktningkonvensjon, rett til asyl. Dersom asylsøkjaren ikkje blir rekna som flyktning, kan han likevel få opphald dersom det ligg føre sterke menneskelege omsyn, eller personen har særleg tilknyting til riket, såkalla humanitært opphaldsgrunnlag. Er det grunn til å tru at behovet for vern er tidsavgrensa, kan asylsøkjaren få mellombels opphaldsløyve. Ein asylsøkjar som får avslag på asylsøknaden, har plikt til å reise ut av Noreg.

 

Saman med EU-landa, Island, Sveits og Liechtenstein er Noreg medlem av Dublin-forordninga, eit regelverk som avgjer kva for eit land som har ansvar for å behandle asylsøknadar. Normalt skal asylsøknader behandlast av det første «Dublin-landet» asylsøkjaren kjem til. Når asylsøknaden er avgjord, kan ikkje personen søkje asyl på nytt i eit anna land som er medlem av Dublin-forordninga. Forordninga seier derimot ikkje noko om fordelinga av asylsøkjarar mellom dei ulike landa. Erfaring har vist at landa sør og aust i Europa får ansvar for å handtere langt fleire asylsøkjarar enn landa lenger nord, og dessutan at ulike land praktiserer Dublin-forordninga ulikt. I 2016 kunngjorde EU-kommisjonen at ein ville revidere Dublin-forordninga. I april 2018 heldt dette arbeidet framleis på.

 

Når ein asylsøkjar får opphald i Noreg, skal vedkomande bli busett i ein kommune. Busetjing skjer i eit samarbeid mellom Integrerings- og mangfaldsdirektoratet og kommunane. Eit nasjonalt utval avgjer kor mange flyktningar som skal busetjast det komande året, og fordeler personane regionalt.

 

Kjelder

Marianne Takle og Marie Louise Seeberg: «All European countries are not the same!» The Dublin Regulation and onward migration in Europe. NOVA, Rapport nr. 12/2015

 

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet: «Ord og begreper. Definisjoner på ord og uttrykk som brukes på innvandrings- og integreringsfeltet», imdi.no, sist oppdatert: 7.12.2015: https://www.imdi.no/om-integrering-i-norge/ord-og-begreper/ [lesedato 24.1.2018]

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet: «Bosetting», imdi.nohttps://www.imdi.no/planlegging-og-bosetting/ [lesedato 12.1.2018]

«Legislative train schedule. Towards a new policy on migration. Revision of the Dublin regulation», europarl.europa.eu, sist oppdatert 20.3.2018: http://www.europarl.europa.eu/legislative-train/theme-towards-a-new-policy-on-migration/file-revision-of-the-dublin-regulation [lesedato 28.3.2018]

Lov om utlendingers adgang til riket og deres opphold her (utlendingsloven), sist endra 1.1.2018, lovdata.nohttps://lovdata.no/dokument/NL/lov/2008-05-15-35 [lesedato 10.1.2018]

 

Peikarar

Flyktninghjelpen: «Begreper», flyktninghjelpen.no 

Først publisert: 26.04.2018
Sist oppdatert: 26.04.2018