Hopp til innhold
X
Innhald

Gjesteredaktør 12.–13.8.2017: Jon Georg Dale (FrP)

Fram mot valet har Allkunne invitert sentrale nynorskbrukarar frå kvart parti til å vere gjesteredaktørar. Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har valt å løfte fram artiklar om mellom anna spælsau, hunderasen border collie og litt av kvart.   

Jon Georg Dale kjem frå Volda i Møre og Romsdal. Sidan 2015 har han vore landbruks- og matminister i Solberg-regjeringa. Dale er andrekandidat for Møre og Romsdal Framstegsparti ved valet til hausten

Dale har bakgrunn frå lokalpolitikk og var då har vart valt inn som 19-åring den yngste som nokon gong er vald inn i formannskapet i Volda kommune. Han har vore gruppeleiar for Framstegspartiet i Volda kommunestyre og har òg vore politisk nestleiar i både Møre og Romsdal FrP og i Møre og Romsdal FrPU, og han har vore medlem i fylkestinget i Møre og Romsdal.     

Før han vart landbruks- og matminister i 2015 var han helsepolitisk rådgivar i stortingsgruppa til FrP og sidan statssekretær først for samferdselsministeren og deretter statssekretær i Finansdepartementet.

Dale har fagbrev i kjøtskjering, og er odelsgut på Dale i Dalsfjorden. I fritida har han arbeidd mykje med trening av gjetarhundar, og han har vore fylkesmeister i Møre og Romsdal i bruk av gjetarhund. Artikkel om sauehundar og gjetarhunderasa border collie er blant artiklane gjesteredaktøren har plukka ut. Sauehald har òg vore ei stor interesse for Dale, og blant utvalde artiklar finn vi artikkel om spælsau.

Dale er den einaste nynorskbrukaren av statsrådane. Han fekk Målprisen 2016 frå Volda Mållag for godt og viktig arbeid for bruk av dialekt og nynorsk skriftmål. Artikkel om dialekt er blant artiklane gjesteredaktøren løftar fram.

Artikkel om heimkommunen Volda og Møre og Romsdal fylke er òg blant dei utvalde artiklane til gjesteredaktøren. Elles tipsar han om å lese artiklane om finansminister og partileiar i FrP Siv Jensen, om sambygdingen Synnøve Riste (1858–89), målkvinne og redaktør som kom frå Volda, og om Vassendgutane, countrybandet frå nabobygda Ørsta. Frå Fylkesleksikonet for Sogn og Fjordane på allkunne.no kan ein lese om jordbrukshistoria og landbruksorganisasjonar i Sogn og Fjordane

Landbruks- og matministeren har som gjesteredaktør i Allkunne også laga kviss, sjølvsagt om norsk landbrukspolitikk!

Først publisert: 11.08.2017
Sist oppdatert: 12.08.2017