Hopp til innhold
Lars Mæhle. Foto: Tove Breistein / Samlaget.
Lars Mæhle. Foto: Tove Breistein / Samlaget.
Foto: Tove Breistein. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Gjesteredaktør 28.6–2.7.2017: Lars Mæhle, festspeldiktar

Lars Mæhle er årets festspeldiktar under Dei nynorske festspela. Mæhle har valt ut 17 artiklar om alt frå mørk materie til Alf Prøysen, som han vil løfte fram på Allkunne.no i dagane han er gjesteredaktør. Mæhle din forfattarskap ber preg av ein særeigen blanding av humor, spenning og alvor, noko som også speglar seg i utvalet av artiklar han har plukka ut. 

Lars Mæhle slo gjennom med ein fantasyroman, skriv oppvekstskildringar og lettlesne fotballbøker for barn, noveller og krim- og spenningsromanar. Han skriv i mange sjangrar og er opptatt av mange emne. 

Eitt av emna han er interessert i er naturvitskap. Derfor har han valt ut artiklane om mørk materie, Albert Einstein, drivhuseffekten og togradarsmålet
 
Eit anna tema han er opptatt av er religion, og i den samanhengen vil han framheve den grundige artikkelen om islam.

Humor er viktig for Mæhle, og er eit av emna han som gjesteredaktør har plukka i frå. Les den nye artikkelen vår om Monty Python, som var så morosame at dei blei forbode i Noreg. 
 
Lars Mæhle vaks opp i Sunndal kommune. Der er språkforskaren Tor Erik Jenstad også frå. – Han er ein av dei artigaste universitetstilsette eg veit om, og han skriv veldig morosamt og innsiktsfullt om banning, seier Lars Mæhle. Ein annan språkforskar, som ikkje har gitt ut Skjellsordboka, men Norsk Ordbok er Ivar Aasen.
 
Nokre av favorittforfattarane til Lars Mæhle er Roald DahlRagnar HovlandAlf PrøysenLars Amund VaageTarjei VesaasAstrid LindgrenIngunn Røyset og Maria Parr. Dei to sistnemnde kan du likeins med Mæhle sjølv møte på Dei nynorske festspela 2017.

Som gjesteredaktør har Lars Mæhle også laga kviss for Allkunne. I kvissen spør Mæhle om nobelprisvinnarar i litteratur. Veit du til dømes kven den første kvinnelege forfattaren som fekk nobelprisen i litteratur er? Eller kva forfattar som nekta å ta imot nobelprisen i litteratur? 
Test dine litterære kunnskapar! Her finn du kvissen om nobelprisvinnarar i litteratur.

Først publisert: 22.06.2017
Sist oppdatert: 28.06.2017