Hopp til innhold
John-Ragnar Aarset (2016). Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen, Høyre på Flickr.com (fri til redaksjonell bruk).
John-Ragnar Aarset (2016). Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen, Høyre på Flickr.com (fri til redaksjonell bruk).
X
Innhald

Gjesteredaktør 30.–31.8.2017: John-Ragnar Aarset (H)

Fram mot valet har Allkunne invitert sentrale nynorskbrukarar frå kvart parti til å vere gjesteredaktørar. Generalsekretær i Høgre John-Ragnar Aarset har valt å løfte fram artiklar om mellom anna Kåre Willoch, Anna Rogstad, utjamningsmandat, samar, handlingsregelen og EU.

John-Ragnar Aarset kjem frå Geilo i Buskerud. Aarset har vore generalsekretær i Høgre sidan 2015. Han har tidlegare vore leiar i Unge Høyre, arbeidd han som presseansvarleg for stortingsgruppa til Høgre, vore politisk rådgjevar for Erna Solberg og han har vore statssekretær i Samferdsledepartementet. I tillegg har han arbeidd som kommunikasjonsrådgjevar for ulike PR-byrå.

Aarset er nynorskbrukar og har òg hatt ulike verv i nynorske organisasjonar, mellom anna har han vore landsstyremedlem Norsk Målungdom og styreleiar for Litteraturselskapet Det norske Samlaget.

Gjesteredaktør Aarset har plukka ut artiklar mellom anna om Høgre-politikarane Kåre Willoch og Carl Joachim Hambro. Av utanlandske politikarar løftar han fram artiklane om Angela Merkel, som er leiar for det tyske høgrepartiet, CDU (Den kristeleg-demokratiske unionen) og forbundskanslar i Tyskland. Nelson Mandela er òg blant Aarset sine utvalde artiklar. Mandela frå Sør-Afrika tok opp kampen opp mot det urettferdige apartheid-systemet i Sør-Afrika, og vart sidan president.  

Ein annan politikar Aarset har plukka ut, er Anna Rogstad, første kvinnelege stortingsrepresentanten. Rogstad var den første norske kvinna på Stortinget i 1911, etter at ein i 1907 hadde vedteke avgrensa stemmerett for kvinner ved stortingsval. Rogstad stilte til val som representant for Frisinnede Venstre, eit parti ho sjølv hadde vore med på å skipe, på fellesliste med Høgre frå Gamle Aker krets i Kristiania, og ho vart vald inn som vararepresentant for høgreleiaren Jens Bratlie.

Artikkelen om utjamningsmandat er òg blant gjesteredaktøren sine utvalde artiklar. Kan utjamningsmandat avgjere valet i haust? Og kor mange seter mandat, altså stortingsplassar, blir eigentleg fordelte som utjamningsmandat?

Aarset minner om at det ikkje berre er stortingsval i haust – det er òg sametingsval – og løftar fram artikkelen om samar. Vidare tipsar han om å lese om sambygdingen Daniel Kvammen, om handlingsregelen og om EU, den europeiske unionen

Først publisert: 30.08.2017
Sist oppdatert: 30.08.2017