Hopp til innhold
X
Innhald

Gjesteredaktør 5.–6.8.2017: Sveinung Rotevatn (V)

Fram mot valet har Allkunne invitert sentrale nynorskbrukarar frå kvart parti til å vere gjesteredaktørar. Stortingsrepresentant og førstekandidat i Sogn og Fjordane Venstre, Sveinung Rotevatn, har valt å løfte fram artiklar om politikk, miljø og om heimfylket sitt.

Sveinung Rotevatn kjem frå Nordfjordeid i Sogn og Fjordane. Han har vore stortingsrepresentant sidan 2013 og er førstekandidat for Sogn og Fjordane Venstre ved valet til hausten. Frå 2010 til 2013 var Rotevatn leiar i Unge Venstre. Rotevatn er nynorskbrukar og har tidlegare vore styremedlem i Noregs Mållag. I 2012 vart han kåra til årets europear av Europeisk Ungdom.

Som nordfjording og førstekandidat for Sogn og Fjordane Venstre, har Sveinung Rotevatn plukka ut artiklane om Eid kommune og Sogn og Fjordane fylke.

Som gjesteredaktør har Rotevatn også laga kviss for Allkunne, om heimfylket Sogn og Fjordane.

Venstrepolitikaren løftar fram artikkelen om partiet Venstre – det eldste politiske partiet i landet. Innan politikk har han òg plukka ut artiklar om liberalisme, privatisering, aktiv dødshjelp, valordninga i Noreg og temasida om stortingsvalet.

Rotevatn er oppteken av miljøpolitikk. Blant utvalde artiklar kan du lese om FNs klimakonvensjon og om togradarsmålet.

Rotevatn er nynorskbrukar og tidlegare styremedlem i Noregs Mållag.    

Elles tipsar han om å lese artikkelen om Liechtenstein, det vesle landet som i areal er mindre enn Sogn og Fjordane fylke!

Først publisert: 04.08.2017
Sist oppdatert: 05.08.2017